Rolleforståelse for kommunale ledere

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Kommunar og fylkeskommunar er politisk styrte organisasjonar. Administrative leiarar treng difor god forståing av dei moglegheitene og avgrensingane dette inneber. Politiske avgjerd gjer rammene for utøving av kommunal administrativ leiing samtidig som den tette relasjonen mellom administrativ og politisk leiing gjer administrasjonen moglegheiter til å leggje premiss for politiske prosessar og vedtak.

Emnet skal gje deltakarane ei djupare rolleforståing og innsikt i sentrale problemstillingar knytt til å vere administrativ leiar i ein organisasjon med politisk styring. Eit særleg viktig område vil vere forholdet mellom politikk og administrasjon og korleis kommunale leiarar finn sin rolle i samspelet med folkevald leiing i ein kommune eller fylkeskommune. Vidare vil emnet gje kunnskap om leiarroller internt i den kommunale administrasjonen. Eit sentralt tema vil vere korleis ulike styringsmodellar og organisasjonsløysingar vil påverke kommunale leiarroller.

Andre viktige tema vil vere styringsparadigme i offentleg sektor, konsekvensar av konkurranseutsetjing og privatisering av kommunale tenester, leiing gjennom andre leiarar, avvegingar mellom lojalitet, nøytralitet og fagleg uavhengigheit, samt dei potensielle rollekonfliktane mellom politisk og administrativ leiing.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskapar

Kandidaten kan

  • gjere greie for dei rettslege rammene for rollene som kommunal leiar
  • identifisere og drøfte særtrekk ved kommunale leiarroller
  • samanlikne og vurdere korleis ulike organisasjonsløysingar og styringsformer påverkar kommunale leiarroller
  • vurdere og drøfte forskjellige oppfatningar av arbeidsdelinga mellom politikk og administrasjon i kommunar og fylkeskommunar
  • analysere moglegheiter og avgrensingar for kommunale leiarar sitt makt- og autoritetsgrunnlag

Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • leggje til rette for god dialog mellom folkevalde og administrasjon
  • forberede og leggje fram saker for politisk behandling i kommunar og fylkeskommunar
  • leggje til rette for ein god balanse mellom drift og utvikling i komplekse offentlege organisasjonar med mange ulike oppgåver
  • handtere spenningar og potensielle rollekonfliktar mellom politisk og administrativ leiing

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • leie og koordinere utviklings- og iverksettingsprosessar i politisk styrte organisasjonar
  • finne ein god balanse mellom ulike rolleforventingar
  • utnytte fagkompetansen i eigen organisasjon og delegere saker

Fulltid/deltid

Deltid

Emnet er tilrettelagt for å kunne kombinerast med jobb og gjennomførast på deltid over to semester. Det er eit deltidsstudium med 1/3 studieprogresjon, samanlikna med studiar på fulltid. Undervisinga er ein kombinasjon av fysiske samlingar og nettbasert undervisning, med to intensive fysiske samlingar (2-3 dagar) per semester.

Studiepoeng, omfang

20 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

MA-nivå, EVU-emne

Undervisningssemester

Haust og vår.

Undervisninga startar om hausten og går gjennom heile studieåret. Eksamen i slutten av vårsemesteret.

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen
Krav til forkunnskapar

Deltakarar må ha eit av følgjande fullførte utdanningsløp:

  • bachelorgrad
  • cand.mag.-grad
  • anna grad eller yrkesutdanning av minimum 3 års omfang
  • utdanning som i samhøve med § 3-5 i lov om universitet og høgskular er godkjent som jamgod med nemnde grader eller utdanningsløp.

Minimum to års administrativ- eller operativ erfaring frå kommunal sektor eller andre delar av offentleg sektor.

UiB kan i spesielle tilfelle godkjenne andre dokumenterte kvalifikasjonar som heilt eller delvis likeverdig med dei nemnde utdanningsløpa.

Søkjarar som har fullført eit eller fleire av de andre emna som inngår i masterprogrammet, vil bli prioritert i opptaksprosessen.

Tilrådde forkunnskapar
Ikkje relevant.
Studiepoengsreduksjon
Ingen overlapp.
Krav til studierett
Opptak til EXECUTIVE662
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisingssamlingane kombinerer forelesingar og oppgåveløysing i mindre grupper, og studentane sine erfaringar brukast aktivt som ein ressurs i undervisinga. Det blir brukt arbeids- og undervisningsformer som legg til rette for studentaktivitet, med vekt på at studentane sjølv identifiserer praksisnære problem dei ønskjer å finne løysingar på, eller konkrete utfordringar i eigen organisasjon som dei ønskjer å undersøke nærmare.

I forkant av undervisingssamlingane jobbar studentane på eigenhand og i mindre grupper med nettbaserte læringsaktivitetar, som inkluderer arbeid knytt til å sjå undervisingsvideoar, lese litteratur, svare på quizar, løyse oppgåver og reflektere rundt relevante problemstillingar henta frå eigen organisasjon eller jobbrolle.

I etterkant av kvar undervisingssamling leverer studentane eit refleksjonsnotat der dei reflekterer over sin eigen læringsprosess og eigen læring. Refleksjonsnotata skal ikkje telle med i samband med karaktersetting.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk oppmøte på undervisingssamlingane. Det er eit obligatorisk arbeidskrav å levere eit refleksjonsnotat i etterkant av kvar undervisingssamling. Kvarandrevurdering undervegs i studiet, der studentane skal gje kvarandre tilbakemeldingar på refleksjonsnotata dei skal levere i etterkant av kvar undervisingssamling
Vurderingsformer
Heimeeksamen 8 timar.
Karakterskala
A til E for bestått og F for ikkje bestått.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Studieutvalet ved Det juridiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet. Eit programstyre, der representantar for samarbeidsmiljøa er med, har ansvar for å drive programmet, i tråd med retningslinjene for utarbeiding og drift av tverrfakultære program i UiB sitt kvalitetssystem for utdanning.
Emneansvarleg
Professor Jacob Aars (Jacob.Aars@uib.no)
Administrativt ansvarleg
Institutt for politikk og forvaltning ved Det samfunnsvitskapelege fakultet