Akademisk skriving

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi ei innføring i korleis ein skriv faglege tekstar. Emnet skal formidle forståing for den akademiske sjangeren og dei arbeidsmåtane ein nyttar i utarbeidinga av ein fagtekst.

Emnet tek mellom anna opp:

- å finne tema og utvikle ei problemstilling innan eit relevant fagfelt, fortrinnsvis på studenten sitt eige studieprogram

- å finne litteratur og anna materiale til oppgåva

- kjeldekritikk

- refererande, analyserande og diskuterande skrivemåtar

- struktur og oppbygging av fagtekst

- direkte og indirekte sitat, god sitatskikk og skriving av litteraturliste

Emnet er nyttig for alle som seinare skal skrive fagoppgåver ved universitet og høgskular.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten skal

  • kjenne prinsippa for reieleg bruk av litteratur og andre kjelder
  • ha brei kunnskap om sentrale kjennemerke ved den akademiske sjangeren
  • ha kjennskap til prosessorientert skriveteori
  • ha kunnskap om ulike former for respons til fagtekster

Ferdigheiter

Studenten kan

  • utvikle faglege problemstillingar
  • finne, vurdere og bruke litteratur og anna material aktivt i faglege tekstar, også ved hjelp av digitale hjelpemiddel
  • nytte ulike skrivemåtar som til dømes refererande, analyserande og drøftande.
  • argumentere og dokumentere akademisk
  • strukturere og utarbeide tekstar med god tekstbinding
  • produsere tekstar som tilfredsstiller typografisk krav i den akademiske sjangeren ved hjelp av digitale hjelpemiddel

Generell kompetanse

Studenten skal

  • kunne utvikle, revidere og ferdigstille ein fagleg tekst som tilfredsstiller krava i den akademiske sjangeren

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust og/eller vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Det blir brukt arbeids- og undervisningsformer som legg til rette for studentaktivitet. Undervisninga omfattar også førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper, kombinert med tekstrespons frå undervisar og medstudentar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal

- levere inn første- og andreutkast til semesteroppgåva innan fastsette fristar

- møte til to rettleiingar om semesteroppgåva

Dei to utkasta er berre gyldige i same semester som eksamensmeldinga.

Vurderingsformer
Rettleidd semesteroppgåve på ca. 3000 ord. Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan få semesteroppgåva vurdert.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Haust og/eller vår

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emne vert evaluert jamnleg.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Undervisningsutvalet for fagstudiet i filosofi
Emneansvarleg
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium
Administrativt ansvarleg
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium