Politisk filosofi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Dette vidaregåande kurset vil fokusere på sentrale tema i politisk filosofi som sosial rettferd, global rettferd, menneskerettar, fridom og liberalisme, identitetspolitikk, staten si rolle, demokratiet sin verdi, politikk og makt, eller politisk forplikting og ulydnad. Målet med kurset er å gi ein djup kunnskap og forståing av debattar om spørsmål som er relevante for samtida sitt politiske liv.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha:

  • Oversikt over nokre sentrale tema og debattar i politisk filosofi
  • Kjennskap til viktig vitskapleg litteratur knytta til desse tema og debattane
  • Ei forståing av omgrep og argument som er relevante for desse temaa og debattane
  • Ei forståing av korleis desse tema og debattar blir kopla til kvarandre og til aktuelle politiske spørsmål

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne:

  • Beskrive sentrale omgrep, posisjonar, teoriar og tradisjonar i politisk filosofi
  • Erkjenne kva for rolle desse omgrepa, posisjonane, teoriane og tradisjonane spelar i vitskaplege debattar i politisk filosofi
  • Rekonstruere og evaluere argument framført i vitskapleg litteratur til støtte for ulike posisjonar eller teoriar innan politisk filosofi
  • Erkjenne implikasjonar av politisk filosofi for politisk praksis
  • Reflektere over og danne velbegrunna vurderingar om tema og debattar i politisk filosofi
  • Kommunisere forståing og idear knytt til kursinnhaldet både munnleg og skriftleg

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til å:

  • Delta i vitskaplege debattar i politisk filosofi
  • Bidra med filosofisk innsikt til offentlege debattar om aktuelle politiske spørsmål

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
-
Tilrådde forkunnskapar
Bestått ex.phil. og ex.fac. Valemna føreset gode bakgrunnskunnskapar i filosofi og studentane bør derfor normalt ha avlagd eksamen i alle obligatoriske emne på 100-nivå. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Studiepoengsreduksjon
FIL249 overlappar 10 studiepoeng med FIL116 og FIL349.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Omlag 20 timar med førelesingar i løpet av semesteret, og omlag 10 timar per veke på eiga hand til å jobbe med emnerelaterte oppgåver. Klassetid vil innebere førelesingar eller presentasjonar av emneansvarleg, diskusjonar og gruppearbeid.

Studentane vil få moglegheit til å delta i grupperettleiing av semesteroppgåva. I løpet av semesteret vil det vere ulike mogelegheiter for studentane til å motta tilbakemelding på de mindre øvingsoppgåvene frå instruktøren og/eller deira peers.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Oppmøtekrav på førelesingane: studentar kan maksimalt gå glipp av 6 timar (3 førelesingar) utan gyldig grunn/dokumentasjon
  • Studentane må levere og få godkjent minst 5 mindre skriftlege oppgåver (omlag 500 ord per oppgåve). Fristar blir satt av instituttet
  • Vurderingsformer

    Ei semesteroppgåve på 3000-5000 ord. Semesteroppgåva kan bestå av eitt eller to essays, fastsatt av faglærar. Tema(a) for essey(a) må bli godkjent av faglærar. Oppgåva skal leverast digitalt og blir sensurert ved slutten av semesteret.

    Eksamen blir arrangert kvart semester.

    Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

    Karakterskala
    Karakterskala frå A til F.
    Vurderingssemester

    Vår.

    Eksamen blir arrangert kvart semester.

    Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

    Litteraturliste
    Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.
    Hjelpemiddel til eksamen
    -
    Programansvarleg
    Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
    Emneansvarleg
    Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
    Administrativt ansvarleg
    Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.
    Institutt
    Institutt for filosofi og førstesemesterstudier