Bacheloroppgåve i filosofi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- FIL252
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk eller engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet skal gje studentane høve til å arbeide sjølvstendig saman med faglærar/rettleiar med eit nærare avgrensa tema. Temaet kan være avgrensa til særskilde filosofiske problemområde (til dømes etikk, politisk filosofi, erkjenningsteori eller metafysikk) eller tilnærmingsmåtar (til dømes fenomenologiske, eksistensfilosofiske eller språkanalytiske tilnærmingar), eller til einskilde filosofiske verk eller forfattarskap.
Kvart semester tilbyr instituttet undervisning i ei rekkje andre emne på 200-nivå. Tema for FIL252 kan vere knytt til eitt av desse undervisningstilboda. Oversyn over kva for emne som vert undervist i det einskilde semester finst på Mitt UiB og på instituttet si heimeside.
Læringsutbyte
Kunnskap:
Etter fullført emne skal studenten ha
- innsikt i eit nærare avgrensa tema innan særskilde filosofiske problemområde eller tilnærmingsmåtar, eller til einskilde filosofiske verk eller forfattarskap.
- oversikt over sentrale problemstillinger, argument og posisjonar innan dette temaet.
Dugleik:
Etter fullført emne skal studenten kunne
- kjenne att og kritisk vurdere hovudposisjonar og argument i fagfilosofisk litteratur innan temaet.
- følgje med i den samtidsfilosofiske debatten innan temaet på eit nivå av moderat vanskegrad.
- vurdere relevansen av temaet for andre filosofiske spørsmål, ev. for andre fag eller for meir allmenne samanhengar.
- utarbeide klare, oversiktlege og relativt grundige skriftlege framstillinger innanfor temaet, eigna til bruk for eit fagleg såvel som eit meir allment publikum.
Kompetanse:
Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til
- vidare studiar basert på temaet, til dømes på masternivå i filosofi.
- formidling av grunnleggjande innsikt i temaet, til dømes i form av undervisning i vidaregåande skule.
- utarbeiding av dokument for utgreiing og rådgjeving til bruk i samanhengar der innsikt i temaet er relevant.
Emnet inngår i studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan også vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
10 SP med FIL251.
For studentar som har tatt andre emne i filosofi med nærliggande tema kan det være overlapp. Ta i så fall kontakt med studierettleiar@fof.uib.no for nærare informasjon.
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Seminara er organisert slik:
- Oppstartsseminar med vekt på val av oppgåvetema, avgrensing av problemstilling og tildeling av rettleiar.
- Utkastseminar med vekt på utkast til oppgåva, kommentering av oppgåveutkast, relevant forsking knytt til einskilde tema og relevant litteratur for den einskilde problemstillinga samt konkrete skrivetips.
- Litteraturseminar med vekt på litteraturlista for eigen tekst. Vidare blir eit hovudtema sjanger, tekststruktur og retorikk samt konkrete skrivetips.
- Innspurtseminar med vekt på eigen tekst, finpuss og struktur og førebuing på siste individuelle rettleiing med rettleiar.
Kvar student har krav på ein rettleiar som og vil gje råd i arbeidet med bacheloroppgåva.
Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.
Individuell rettleiing: inntil 3 timar per student.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.
Studentane skal delta på minst 3 av 4 seminar.
Innlevering av oppgåveutkast til rettleiar.
Individuell rettleiing med rettleiar.
Innlevering av pensumliste innan 30. april om våren og innan 31. oktober om hausten. Pensumlista skal innehalde emnekode, eksamenssemester og namn på student og faglærar/rettleiar, og vere utforma i samsvar med vanlege standardar for bibliografiske referansar. Sidetal for kvar einskild bok/utdrag av bok eller artikkel samt samla tal på sider skal opplysast (for elektroniske kjelder utan sidetal reknar ein 500 ord pr. side). Pensumlista skal underskrivast av faglærar og godkjennast av instituttet.
Vurderingsformer
Ei rettleia oppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar/rettleiar på førehand. Oppgåva skal leverast digitalt og blir sensurert ved slutten av semesteret.
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Karakterskala
Vurderingssemester
Haust/Vår
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.