Masteremne i miljøetikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gi studenten eit overblikk over filosofiske omgrep om moral, politikk og vitskap som har relevans for miljøproblema i vår tid, med vekt på dyr si velferd, landområder sin eigenverdi, klimarettferd og forholdet mellom individuell og offentleg moral. Miljøetikk er eit tverrfaglig studium som kombinerer innsikter frå andre fag (til dømes økonomi, biologi og juss) med filosofisk analyse.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

  • kjennskap til omgrep og distinksjoner i filosofien som har relevans for miljøspørsmål.
  • ein forståelse av samanhengen mellom filosofiske innsikter og andre miljørelevante fagdisiplinar.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • analysere og identifisere underliggande filosofiske omgrep om moral, politikk og vitskap i miljøspørsmål, slik desse kjem fram i debattar, dokument og andre typar tekstar.

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

  • ta stilling til kva for etiske dilemma miljøproblema reiser og være i stand til å anvende normative teoriar frå moralfilosofien på problema.

Emnet kan òg vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår i partalsår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Bachelorgrad med 90 stp. spesialisering i filosofi eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
FIL336 overlappar 10 studiepoeng med FIL236.
Krav til studierett
For å ta emnet må ein vere tatt opp på masterstudiet i filosofi. Studentar som ikkje har studierett ved masterprogrammet kan ta kontakt med studieveileder@fof.uib.no
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.

- Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før rettleiing.

- Rettleiing av semesteroppgåve.

Vurderingsformer

Ei rettleia oppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Eksamenssvaret skal leverast digitalt.

Eksamen blir arrangert på slutten av det semesteret det blir gitt undervisning i emnet. I semesteret etter blir det arrangert midtsemestereksamen.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Haust/Vår

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste
Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt.
Programansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Emneansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Administrativt ansvarleg
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.