Forskningsemne i teoretisk filosofi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

FIL343 skal gi studentane ei innføring i eit forskingsrelatert tema i teoretisk filosofi. Det nøyaktige tema vil bli bestemt av faglærar. Emnet skal syne korleis ein set seg inn i og bidrar til ein pågåande forskingsdebatt i teoretisk filosofi. I tillegg til å gi ei innføring i sentrale omgrep og argument i den aktuelle forskingsdebatten, vil det bli lagt særskilt vekt på filosofisk metode.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten ha

  • ha ei djupare forståing av ein sentral forskningsdebatt i teoretisk filosofi
  • oversikt over denne debatten sine sentrale problemstillingar, argument og posisjonar

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • identifisere sentrale problemstillinger og argumenter i teoretisk filosofi
  • gi vurderinger av hva som er avgjørende bidrag til en forskningsdebatt i teoretisk filosofi
  • gjenkjenne styrker og svakheter i viktige teorier

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

  • å bidra med egen forskning til sentrale debatter i teoretisk filosofi
  • overføre forskningsferdigheter til eget masterprosjekt

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad med 90 stp. spesialisering i filosofi eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Studiepoengsreduksjon

10 SP med FIL331.

For studentar som har tatt andre emne i filosofi med nærliggande tema kan det være overlapp. Ta kontakt med studierettleiar@fof.uib.no for nærare informasjon.

Krav til studierett
For å ta emnet må ein vere tatt opp på masterstudiet i filosofi.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

  • Delta på minst 70 % av seminara
  • Sende inn og få godkjent ei skisse av tema for semesteroppgåva (frist satt av faglærar)
  • Gi ein presentasjon av semesteroppgåva (tid og stad satt av faglærar)
  • Sende inn eit utkast (minimum 3000 ord) av semesteroppgåva (frist fastsatt av faglærar).
  • Delta på ei rettleiingsøkt (planlagt av faglærar)
Vurderingsformer

Ei rettleia oppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast digitalt og blir sensurert ved slutten av semesteret.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Haust.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste
Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt.
Programansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Emneansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Administrativt ansvarleg
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.