Fagleg formidling

Ph.d.-kurs

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Den faglege formidlinga skal tilsvare omlag 2 vekers arbeid på heiltid og kan til dømes omfatte eit utval av følgjande aktivitetar:

  • Deltaking på internasjonale konferansar med presentasjon av resultat frå eigen forsking
  • Førelesing (som ledd i opplæringsdelen skal stipendiaten ikkje nyttast som førelesningsressurs utover det som er relevant for stipendiaten sitt fagområde)
  • Jamleg deltaking i doktorgradsseminar el. likn. ved instituttet (det er eit krav i reglementet at doktorgradskandidaten skal ha høve til å få sitt avhandlingsarbeid drøfta på seminar)
  • Populærvitskapleg bidrag innan eige felt (artikkel, kronikk, foredrag etc.)
  • Kurs i kunnskapsformidling
  • Andre aktivitetar som gir trening i vitskapleg formidling

For oversikt over instituttspesifikke krav til formidlingsaktivitetar, sjå fakultetet si heimeside: www.uib.no/svf/forskning/forskerutdanning-ved-det-samfunnsvitenskapelige-fakultet/forskerutdanningslopet/opplaeringsdelen