Førstesemesterstudium i fransk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Kurset gjev ei grunnleggjande innføring i fransk språk og kultur og skal danna eit godt grunnlag for vidare studium i fransk.

Læringsutbyte

Kunnskap

Studenten

  • har grunnleggjande kjennskap til fransk grammatikk
  • har kunnskap om fransk historie og samfunn i nyare tid
  • har kunnskap om utvalde verk og retningar i fransk litteraturhistorie

Ferdigheiter

Studenten

  • meistrar dei viktigaste reglane i fransk grammatikk
  • kan lesa, forstå og gjera greie for innhaldet i utvalde litterære tekstar og sakprosatekstar, munnleg og skriftleg.

Generell kompetanse

Studenten

  • har eit godt grunnlag for vidare studiar i fransk
  • har språklege og kulturelle referansar med overføringsverdi spesielt til andre humanistiske fag

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav til forkunnskapar; men sjå tilrådde forkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
Emnet er ikkje tilpassa nybyrjarar, men legg til grunn at studenten har kunnskapar som svarer til fransk nivå I eller II frå vidaregåande skule.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for FRAN100 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med FRAN600 og 5 studiepoeng om det blir kombinert med FRANSK621 ved Universitetet i Bergen.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Kurset går over heile haustsemesteret (12 veker) med normalt 4 timar undervisning i veka. Undervisningsformene vil vera førelesingar kombinerte med øvingar, omsetjingar, lesevurdering, samtaler og liknande.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal halde eit munnleg innlegg på om lag 5 minutt. Nærmare retningslinjer blir gjeve i samanheng med undervisninga.

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av undervisninga (også digital) for å få gå opp til eksamen i emnet.

Vurderingsformer
Ein avsluttande skriftleg eksamen på 4 timar.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Fløttum/Halvorsen/Lorentzen: Fransk språklære og øvingsbok til denne.

Eit utval litterære tekstar, samt utvalde sakprosatekstar om fransk historie og samfunn.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Le Petit Robert eller annen fransk-fransk ordbok.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for fransk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.