Omsetjing frå norsk til fransk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet inneheld ein komponent:

- Omsetjing frå norsk til fransk

Arbeidet med omsetjing har som mål å gje studentane større teoretisk kunnskap og praktisk dugleik i moderne fransk. Omsetjingsdisiplinen skal dessutan bidra til ei betre forståing av dei ulike strukturane i dei to språka. Dugleik i omsetjing mellom norsk og fransk er ein viktig kvalifikasjon når ein skal bruka franskstudiet i yrkessamanheng.

Læringsutbyte

Ved fullført emne skal kandidaten:

- ha større kunnskap om fransk språkstruktur.

- kunna omsetja middels vanskelege tekstar.

- ha større kunnskap om kontrastive problemstillingar i omsetjing mellom norsk og fransk.

- kunna vidareutvikla kunnskap og dugleik i disiplinen på sjølvstendig vis.

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
For å ta eksamen i emnet FRAN117 må studenten ha bestått eksamen i eitt eller fleire av emna FRAN101, FRAN102, FRAN103, FRAN104, FRAN114, FRAN115.
Tilrådde forkunnskapar
For å gjennomføra emnet med godt resultat, bør kandidaten ha fulgt undervisninga i emna FRAN120, FRAN121, FRAN122, FRAN123 og FRAN124 (alternativt FRAN101, FRAN102, FRAN103, FRAN114/115), eller tilsvarande emne ved andre universitet.
Studiepoengsreduksjon
FRAN114 (5 stp) og FRAN115 (5 stp)
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Det vert kun gjeve tilbod om rettleiing i samband med dei obligatoriske arbeidskrava.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunna ta eksamen i emnet må studentane få godkjent ein omsetjingsoppgåve.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer
Vurderingsforma er ei 2 timars skuleeksamen i omsetjing frå norsk til fransk.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
Omsetjing frå fransk til norsk er ikkje knytt til eit fast pensum.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
På eksamensdagen kan studentane nytta fransk-fransk og eventuelt norsk-norsk ordbok.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyre for fransk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.