Innføring i fransk litteratur

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gje ei innføring i fransk litteratur og litteraturhistorie frå det 17. hundreåret fram til vår tid. Formålet er å utvikla evna hjå studentane til å lesa og tolka skjønnlitterære tekstar gjennom øving i litterær analyse og kunnskap om dei aktuelle periodane og forfattarane. I studiet av tekstane vert merksemda retta mot korleis tekstane er knytte til fransk litteratur- og kulturhistorie.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om pensumtekstane og kjennskap til den kulturelle konteksten deira
  • har kunnskap om hovudlinene i fransk litteraturhistorie frå det 17. hundreåret og fram til vår tid

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjera greie for tematiske aspekt ved pensumtekstane på fransk
  • kan situera pensumtekstane i høve til hovudlinene i fransk litteraturhistorie
  • kan bruka kunnskapane dei har skaffa seg i sjølvstendige analysar og drøftingar av pensumtekstane

Generell kompetanse

Studenten:

  • har eit godt grunnlag for å utvikla vidare sine kunnskapar om og forståing av franske litterære tekstar og deira kulturhistoriske kontekst, også i samband med andre språks litteraturar.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Nettbasert undervisning på studiets læringsplattform MittUiB og på ZOOM. Dette emnet finst òg som vanlig campusstudium (FRAN122)
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på fransk og føreset gode franskkunnskapar. Sjå tilrådde forkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
For å gjennomføra emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå 2 frå vidaregåande skule.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp blir uttellinga i studiepoeng for FRAN622 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med FRAN102 eller FRAN122. Det blir redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med FRAN105 eller FRAN106.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak gjennom UiB Videre
Arbeids- og undervisningsformer

Før undervisninga får studentane tilgang til førebuingsmateriale på læringsplattformen MittUiB med f.eks. introduksjonsvideor/videoforelesningar, notatar, oppgåver og diskusjonsforum. Diskusjonsforumet kan bli felles med campuskurset FRAN122. Undervisninga skjer på ZOOM og føreset at studentane i forkant aktivt har arbeidd med førebuingsmaterialet og pensumtekstane. Undervisninga består av oppfølging av videoundervisninga og utdjupande tekstanalyse. Noko undervisning kan bli gitt saman med campuskurset FRAN122. Det blir gitt rettleiing i samband med den obligatoriske framføringa. I tillegg til den ordinære undervisninga er det tilbod om filmframsyning.

Om lag 1,5 timar undervisning per veke i 10 veker.

Det vert brukt arbeids- og undervisningsformer som leggjer til rette for studentaktivitet, til dømes problembasert læring der studentane må finne løysingar saman med ein eller fleire medstudentar. Dersom ressursane tillèt det, blir det halde seminarundervisning i mindre grupper - kombinert med tilbakemelding frå undervisar og/eller medstudentar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av undervisninga på ZOOM for å få gå opp til vurdering i emnet.

Det er tre obligatoriske oppgåver på emnet (opparbeiding av en utvalgliste, munnleg framføring, språkleg arbeid). Studentane førebur seg under rettleiing av faglærar. Alle tre oppgåvene skal vere godkjend før ein kan ta eksamen i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.

Vurderingsformer
Ein digital munnleg eksamen på fransk i franskspråkleg litteratur på om lag 20 minutt. Evne til å uttrykke seg munnleg på fransk og kunnskap om pensum tel om lag like mykje for karakteren i emnet.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

a) Tekstpensum

Pensumet inneheld eit utval stutte tekstar i ulike sjangre og frå ulike periodar av fransk litteraturhistorie frå det 17. hundreåret og fram mot vår tid.

I litteraturlista ligg det opplysningar om kva tekstar som til eikvar tid er pensum.

b) Litteraturhistorie

Studenten les fransk litteraturhistorie frå det 17. til det 21. hundreåret. Ein lyt òg skaffa seg grundigare kjennskap til forfattarane som er lagde opp på pensum. Stoff om dei einskilde forfattarane finst i litteraturhistorier, leksika og kommentarbøker til pensumverka.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne ved eksamen under forutsetning av korrekt bruk av kilder. Det er en selvfølge at teksten som leveres er studentens egen. UiB bruker Urkund til elektronisk plagiatkontroll av innleverte studentbesvarelser.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for fransk.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.