Fransk 1b: Fransk språk, kultur, litteratur og språkdidaktikk 2

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet er ei vidareføring av FRANSK621 og har som mål å vidareutvikle studenten sine kunnskapar om og ferdigheiter i franskfaget og i fagdidaktikk.

Gjennom studiet skal studenten fortsette å utvikla forståing for sentrale språklege, kulturelle, samfunnsmessige og språkdidaktiske problemstillingar i den franskspråklege verda.

Emnet vil fokusere på korleis m.a. kompetansemåla, kjerneelementa og tverrfagelege tema frå fagfornyinga for framandspråk praktisk kan verte gjennomførte i undervisninga, og ein legg særskilt vekt på utvikling av munnleg og digital ferdigheit. Emnet skal også leggje vekt på korleis kulturelle og estetiske uttrykk kan verte integrerte allereie frå innføringsnivå i franskundervisninga i skolen. Studenten skal ha eit medvite tilhøve til eiga og til elevane si språklæring og innsikt i skilnader og samsvar mellom fransk og norsk. Studenten skal kunne leggje til rette for framandspråkopplæring som fremjar utforsking, nyfikne og kreativitet i eit fagovergripande perspektiv, og som stimulerer estetisk oppleving og sans.

Innhald:

Studiet tek opp tema innan fransk språk, litteratur, kulturkunnskap, og didaktikk med innovative tilnærmingar som m.a. spillpedagogikk.

Kurset legg også vekt på:

- Litteratur og film i den fransktalande verda

- Bruk av digitale resursar i undervisninga

- Planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisninga

- Utvikling av munnleg og digital ferdigheit.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten har:

- djupare kunnskap om sentrale tema innan franskspråkleg kultur, litteratur, historie og samfunn

- kunnskap om den franskspråklege verda, med fokus på interkulturell kompetanse og fleirspråklegheit.

- kunnskap om litteratur og andre autentiske tekstuttrykk i ulike sjangrar og medium på målspråket

- kunnskap om ulike læringsressursar for målgruppene i eit kjeldekritisk perspektiv

- innsikt i fransk som dannings- og ferdigheitsfag (med særleg vekt på munnleg kompetanse).

- kunnskap om sentrale fagdidaktiske omgrep i ein innovativ tilnærming.

- kunnskap om eiga språkutvikling og om eigen kulturell identitet.

Dugleik

Studenten kan:

- kommunisere på fransk om ulike emne og tema knytt til kultur og litteratur, og bruke varierte språkstrukturar i munnleg og skriftleg kommunikasjon

- ta i bruk fransk som undervisningsspråk og integrere kulturelle og estetisk uttrykk i undervisninga

- bruke tileigna kunnskap om kultur, samfunn, litteratur og didaktikk for å planleggja og gjennomføre undervisning i tråd med kompetansemåla i læreplanen i faget

- leggje til rette for ulike arbeidsmåtar som fremjar utforsking, nyfikne og kreativitet i framandspråkopplæringa i eit fagovergripande perspektiv og stimulerer estetisk oppleving og sans.

- reflektere rundt språkundervisninga frå eit langlivs læringsperspektiv

Generell kompetanse

Studenten kan:

- ta i bruk digitale resursar i undervisninga

- bruke vurdering som fremjar læring for å rettleia elevane i utvikling av dugleik på målspråket

- reflektere over og vidareutvikla eigen språkleg og interkulturell kompetanse, eigen praksis og bidra aktivt i arbeidet med innovasjonsprosessar i skolen

- vurdere eigen praksis og samhandla med andre i profesjonsgjennomføringa

- basere sin praksis på jamleg fagleg oppdatering

Fulltid/deltid

Ein skal gjennomføre emnet på eitt semester, og det svarar til eit halvt semesters fulltidsstudium.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Nettbasert undervisning
Krav til forkunnskapar

Studentane skal vere lærarar med pedagogisk bakgrunn i samsvar med krava i rammeplanane for lærarutdanninga. Dei må dessutan vere tilsette i skolen i studieperioden.

Studenten må kunne fransk som svarar til fransk 2 frå Vgs eller nivå A2 (Det felles europeiske rammeverket for språk).

Emnet byggjer på FRANSK621: Fransk språk, kultur, litteratur og språkdidaktikk.

Ved eventuelt suppleringsopptak er det ikkje krav om at s

økjar er tilsett i skolen, men ein må ha godkjend pedagogisk utdanning i tillegg til dei andre krava.

Tilrådde forkunnskapar
-
Studiepoengsreduksjon

FRAN124/FRAN624: 5 stp (kultur og samfunn)

DIDAFRAN1: 5 stp

FRANDI101:5 stp

FRAMDI640: 5 stp

Krav til studierett
Emnet er ope for studentar som har fått opptak gjennom UiB Videre
Arbeids- og undervisningsformer
Emnet er nettbasert, og undervisning og kommunikasjon går føre seg på studiet si læringsplattform. Studentane vil møtes i basisgrupper ein gang i veka i 12 veker (fire modular à tre veker, tirsdag eller torsdag, kl.18-19.30). Arbeidsmåtar i emnet er førelesingar (mellom anna omvendt klasserom), nettmøte, gruppearbeid, prosjekt, obligatoriske arbeidskrav og sjølvstudium.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er tre (munnleg oppgåve, språklæring, undervisningsopplegg) obligatoriske innleveringsoppgåver på emnet, og desse må knytast til minst to modular og må vere godkjende innan to veker før endeleg vurdering.

Det er obligatorisk å vere til stade på minst 80 % av organiserte, nettbaserte undervisningsaktivitetar (førelesingar, grupper og prosjektarbeid).

Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret og i det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Sluttvurderinga er ei mappeinnlevering og ei munnleg prøve begge på fransk.

Dei tre obligatoriske innleveringane gjennom kurset utgjer mappa, og studentane kan omarbeide desse innleveringane for mappa.

Den munnlege prøven knytast til pensum samt plattformas og mappas innhald.

Mappetekstane og den munnlege prøva utgjer 50% kvar av sluttvurderinga.

Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Det er vurdering i begge semester.
Litteraturliste

Tilsvarande om lag 750 siders pensum, inkludert film, video, innspelt undervisning, og anna audiovisuelt materiale.

Litteraturlista vil vera klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle relevante hjelpemiddel.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Fagmiljøet i fransk.
Administrativt ansvarleg
Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet.