Klima, oseanografi og biogeografi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål

Emnet har som mål å gi innsikt i jordas økosystem og biologiske mangfald, samt dei viktigaste fysiske og kjemiske prosessar som verker i atmosfæren og havet over ulike tidsskalaer. Studentane skal bli kjent med grunnleggjande prinsipp innan biogeografi, meteorologi, klimatologi og oseanografi, og vere i stand til å greie ut om samspelet mellom hav, atmosfære og biosfære.

Innhald

Første del av emnet tar for seg biogeografiske forhold, der det blir gitt ei innføring i økologisk teori med fokus på å forstå dei miljømessige vilkåra for fordelinga av biom på jorda. Tema knytt til meteorologi, klima og oseanografi vil deretter bli gjennomgått i meir detalj, med fokus på å forstå samspelet mellom hav og atmosfære. I tillegg vil mennesket sin påverknad på Jordas klima, hav og økosystem bli diskutert. Emnet inkluderer obligatoriske seminar i meteorologi, klimatologi og oseanografi og ein dagsekskursjon knytt til den biogeografiske delen.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har brei kunnskap om globale oseanografiske prosessar og korleis dei påverkar regionale og lokale klimatiske forhold
  • har brei kunnskap om den romlege fordelinga av biogeografiske soner og biom i eit globalt, regionalt og lokalt perspektiv
  • har brei kunnskap om globale atmosfæriske og klimatologiske prosessar, og korleis dei påverkar fordelinga av klimasoner på jorda
  • har ei integrert forståing av det naturlege samspelet mellom hav, atmosfære og biosfære
  • har kunnskap om korleis naturforhold og klimaendringar har innverknad på folk og samfunn
  • har kunnskap om korleis menneskets areal- og ressursbruk har innverknad på jordas klima og naturmiljø
  • kan forklare forskjellen mellom vêr og klima, samt greie ut om dei viktigaste kjeldene til interne svingingar i klimasystemet knytt til samspelet mellom atmosfære og hav

Ferdigheter

Studenten

  • kan kjenne att biom som fins i Skandinavia og Norge, og forklare korleis desse reflekterer globale biogeografiske mønster
  • kan bruke Köppens klassifikasjonssystem for klimasoner og forklare korleis dette heng saman med utbreiinga av globale biom
  • kan lese og tolke vêrkart, og ut frå dette vurdere korleis lokale vêrforhold heng saman med storskala atmosfærisk sirkulasjon

Generell kompetanse

Studenten

  • har oversikt over og kan bruke eit presist fagspråk knytt til biogeografi, meteorologi, klimatologi og oseanografi
  • kan gjere kritiske refleksjonar rundt mennesket si rolle i globale klimaendringar
  • har innsikt i korleis mennesket kan påverke biogeografiske mønster gjennom blant anna arealbruk og introduserte artar, og kva for betyding dette har for naturforvaltning i ein klimatisk og biogeografisk kontekst

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
GEO111, GEO110 (eller tilsvarande)
Studiepoengsreduksjon

Om du har tatt BIO202 før 2009 vil du få 5 studiepoeng i reduksjon for GEO113.

GEO112 gir 10 studiepoeng (full) reduksjon for GEO113.

GEOF100 gir 5 studiepoeng i reduksjon.

Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
  • 1-2 førelesingar á 2 timer pr. veke. Totalt 15-20 førelesingar
  • 5-8 seminar á 2 timer pr. veke.
  • 1 heildagsekskursjon  
  • Obligatorisk undervisningsaktivitet

    Skriftlege innleveringar av 3-5 oppgåver og deltaking på dagsekskursjon.

    Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i fire semester etter godkjenninga.

    Vurderingsformer

    Skuleeksamen (5 timer)

    Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

    Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

    Karakterskala
    Karakterskala A-F
    Vurderingssemester

    Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

    Det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær slik det er definert i UiB-forskrifta § 5-5.

    Dersom det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær kan alle studentar med godkjent obligatorisk aktivitet melde seg til kontinuasjonseksamen. Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen kan du etter 15. januar melde deg opp sjølv i Studentweb.

    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  
    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for geografi har det administrative ansvaret for emnet.