Atmosfære- og havdynamikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål og innhald 

Emnet har som mål å presentere dei grunnleggjande likningane og bruken av desse på forskjellige fenomen i geofysisk væskedynamikk. Viktige fagområde i atmosfæren og havet er presentert og studert ved bruk av teori, demonstrasjonar og øvingar.

 

Viktige emne er geostrofi; effekten av friksjon ved overflaten og grenselag ved bunnen (Ekman-dynamikk); bølgjer i homogen og sjikta væske - med og utan Coriolis-effekt; potensiell virvling; det kvasi-geostrofiske rammeverket; og barotrop - og baroklin instabilitet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • forstår dei grunnleggjande prinsippa i storskala rørsle på ein roterende planet
  • forstår dei styrande likningane for ulike fenomen i geofysisk væskedynamikk
  • forstår grunnlaget for bølgjer i atmosfæren og havet
  • forstår det grunnleggjande for stasjonær rørsle i atmosfæren og havet
  • forstår grunnprinsippa for barotrop- og baroklin ustabilitet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan skalere og forenkle likningane for løysing av grunnleggjande dynamiske problem
  • kan formulere og løyse problem i eit geostrofisk rammeverk
  • kan formulere og nytta bølgjeteori på overflate- og indre bølgjer
  • kan formulere og nytta Ekman-teori for ymse tilfelle av vindpådrag
  • kan skrive en lab rapport

Generell kompetanse

Studenten

  • kan diskutere dei grunnleggjande likningane i dynamisk meteorologi og oseanografi
  • kan utleie, skalere og forenkle dei grunnleggjande likningane
  • kan presentere og diskutere grunnleggjande emne i atmosfæren og havet

Generell kompetanse

Studenten

  • kan diskutere dei grunnleggjande likningane i dynamisk meteorologi og oseanografi
  • kan utleie, skalere og forenkle dei grunnleggjande likningane
  • kan presentere og diskutere grunnleggjande emne i atmosfæren og havet

Studiepoeng, omfang

10 ECTS

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust.

Emnet inngår i undervisningsopptaket.

Meir informasjon: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
GEOF320, GEOF326, GEOF330: 10sp
Krav til studierett
For oppstart på emnet, er det krav om ein studierett knytta til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt i form av forelesingar og rekneøvingar Forelesingar 2x2 timar per veke i 15 veker Rekneøvingar: 2 timar per veke i 15 veker
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei godkjend obligatorisk innleveringsoppgåve og fem innleveringsregneøvinger . Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i det aktuelle og påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
Oppgåva og regneøvingar tel 30% av sluttkarakteren og er gyldige i to semester. Dei fire regneøvingane med best resultat tel på sluttkarakteren. Skriftleg skuleeksamen på 4 timar tel 70% og må vere bestått.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet v/ Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.