Vidaregåande kjemisk oseanografi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

GEOF336 er en vidareføring av emnet GEOF236. I GEOF336 får studenten djupare innsikt i spesifikke tema innan kjemisk oseanografi inkludert klassiske så vel som nyare relevante forskingsområde som blir handsama innanfor biogeokjemi. Studenten lærer å samle informasjon frå ulike litteraturkjelder for å lage ei syntese og presentere denne for eit publikum.

Innhald:

Emnet GEOF336 bygger på GEOF236, men fokuserer meir på det allmenne forholdet mellom prosesser som bestemmer fordelinga av kjemiske stoff mellom havet og atmosfæren, og kor viktige desse prosessane er for klima- og miljøendringar i fortida, notida og framtida. Emnet gir innsikt i viktige vitskapelege problemstellingar som for eksempel den kontrollerande rolla til havet for atmosfærisk CO2-innhald over tid; mekanismar og verknader av opptak av CO2 i havet og forsuring av havet; sykling av næringsemne i havet; oksygen og deoksygenering som følgje av klimaendring; endringar i marine økosystem i geologisk tid og under menneskapt påverknad; rolla til ulike funksjonelle grupper i marine økosystem; og land-hav kopling.

Aktuelle tema vil endre seg frå år til år. Studentane må levere ei semesteroppgåve basert på eit fritt valt emne innanfor klima- og miljøendringar og presentere resultatet i plenum for andre studentar.

 

Læringsutbyte

 Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har avansert kunnskap om spesifikke problem innanfor kjemisk oseanografi
  • har inngåande kunnskap i eit sentralt sjølvvalt biogeokjemisk tema
  • forstår korleis biogeokjemi og klimaendringar heng saman
  • har oversikt over nyare forskingsaktivitet og utvikling innan biogeokjemisk forsking

 

Ferdigheiter

Studenten

  • er i stand til sjølvstendig å setje saman og trekke ut informasjon om forventa klima- og miljøendringar basert på den mest oppdaterte forskinga i internasjonale vitskaplege tidsskrift, og presentere denne informasjonen i eit kritisk og analytisk perspektiv
  • er i stand til å presentere eit utvalt emne innanfor klima- og miljøendringar basert på publisert litteratur frå internasjonale vitskaplege tidsskrift i ei semesteroppgåve
  • er i stand til å presentere og utdjupe vitskaplege resultat av semesteroppgåva offentleg

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kritisk lese vitskapelege artiklar og skrive oppsummering av dei
  • kan gjennomføre eit vitskapleg litteratursøk
  • har erfaring i vitskapleg skriving og presentasjon

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningssemester

Vår, emnet går kun om nok studentar melder seg.
Emnet inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad i klima,- atmosfære- og havfysikk (Bachelorgrad i meteorologi og oseanografi fram til hausten 2017), i tillegg til grunnleggande kjemisk oseanografi.
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
 
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram/ ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga. www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesningar/4 timar i veka i sju veker
Veiledning av semesteroppgåve og presentasjon
Ein dag med studentpresentasjon av semesteroppgåve
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Oppmøte på forelesingane.

Innlevering av semesteroppgåve må vere bestått.

Munnleg presentasjon av semesteroppgåve (om lag 20 min).

Vurderingsformer

Semesteroppgåva og presentasjon tel 20% av endeleg karakter og må vere bestått. (Gyldig i to semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + det etterfølgjande semester.)

Munnleg eksamen, 45 minutt, tel 80% av den endelege karakteren og må vere bestått.

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no