Innføring i geokjemi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:
Kurset tek sikte på å gi ei brei innføring i geokjemiske prinsipp og forskingspraksis som blir brukt for å forstå prosessar som opererer på, i og mellom jordas ulike geokjemiske og geobiologiske system (mantel, skorpe, hav, atmosfære).

Innhald:
Emnet gir ein introduksjon til grunnleggenda geokjemiske metodar og praksisar som blir brukte i disiplinar som vassbiogeokjemi, sporelementsgeokjemi og isotopgeokjemi. Frå og med opphavet og danninga av grunnstoff, og fordelinga deira mellom jordas reservoar, diskuterer dette kurset kvifor og korleis geokjemiske reaksjonar oppstår og gir opphav til global biogeokjemisk syklus mellom reservoara. Desse konsepta vil bli utvikla og nytta ved hjelp av ein kombinasjon av lokalt/regionalt feltarbeid og studentaktiv læring.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • forklara opphavet til elementa i universet
  • samanlikna samansetninga av jordas geokjemiske hovudreservoar
  • bruka åtferda til kjemiske element og isotopane deira for å identifisera og forklara geokjemiske prosessar
  • skilje mellom hovud- og sporelement i bergartar og vassystem
  • samanfatta kva dei viktigaste globale elementssyklusane er, og dei viktigaste prosessane som styrer desse syklusane
  • beskriva karbonatsystemet og dets rolle i det globale karbonkretsløpet
  • forklara korleis reaksjonslikevektskonstantar fungerer
  • kopla viktige mikrobielle metabolisme med distribusjonen deira og geokjemiske påverknader
  • evaluera åtferda til geokjemiske artar med tanke på viktige #pH, redoks og væske-bergarts-mikrobiologiske prosessar

Ferdigheiter

Studenten kan

  • kvantifisera uvisse om måleparametrar i geokjemi
  • samanlikna og evaluera reelle geokjemiske data (open kjeldekode) for å utvikla konklusjonar
  • behandla og tolka stabile og radiogene isotopforholdsdata
  • designa og gjennomføra enkle feltarbeidsstrategiar for geokjemisk prøvetaking
  • balansera ulike geokjemiske reaksjonslikningar (redoks, væske-mineral)
  • bruka geokjemiske data for å identifisera mikrobielle habitat og nisjar

Generell kompetanse

Studenten kan

  • effektivt og etisk gjennomføra feltarbeid, prøvetaking og analysar individuelt og i samarbeid
  • bruka grunnleggjande databehandlingspraksis og programvare (t.d. rekneark)
  • formulera grunnleggjande forskingsspørsmål og hypotesar
  • bruka eit presist vitskapleg språk for å formidla resultat
  • effektivt bruka grafiske/visuelle hjelpemiddel for å presentera funn (t.d. for ein plakat)
  • gjennomføra feltutflukter i samsvar med HMS praksis ved GEO/UiB

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår. Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen og Bømlo (ekskursjon)
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar: 2 timar per veke (12 veker)

Øvingar: 3 timar per veke (12 veker)

Ekskursjon: 3 dagar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte på øvingar. Me har som mål å sikra at alle studentar har like høve til å delta i dei obligatoriske aktivitetane i dette kurset.

Vurdering blir berre tilboden i sjølve semesteret undervisning blir gitt.

Vurderingsformer
Mappevurdering
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Vurdering blir berre tilboden i sjølve semesteret undervisning blir gitt.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktpersoner finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.