Glasialgeologi og geomorfologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål: Emnet har som mål å gje ei innføring i periglasiale prosessar og former, glasiologi, samt glasialgeologiske prosessar og -former i fast fjell og lausmassar. Glasiale erosjons- og avsetningsformer og effektar som isbrear og innlandsiser har, og har hatt, på utforminga av landskapet, som for eksempel fjell, dalar og fjordar er sentrale tema i emnet. Målet er også at studentane skal kunne danningsmåte og klassifikasjon av dei viktigaste glasiale avsetningstypane og at dei skal kunne utarbeide eit kvartærgeologisk kart med tilhøyrande feltrapport.

Innhald: Emnet byrjar med eit feltkurs på Vestlandet, der avsetningar frå brear og brenære geologiske miljø vert studerte og kartlagde. Førelesingane starter med ei innføring i glasiologi (brelære), der mellom anna massebalanse, brerørsle og brehydrologi vert gjennomgått. Vidare vert glasiale erosjons- og avsetningsformer og effektar som isbrear og innlandsiser har hatt på utforminga av landskapet, som for eksempel fjell, dalar og fjordar gjennomgått. Det vert òg gjeve ein kort oversikt over andre kvartære landformer danna ved kjemisk og fysisk forvitring, skred og elver. Danningsmåte og klassifikasjon av dei viktigaste glasiale avsetningstypane vert gjennomgått. Beskriving og tolking av korleis havnivået har endra seg under og etter istidene inngår også i emnet. Glasiasjonsforløpet til den skandinaviske innlandsisen vert gjennomgått, med vekt på isavsmeltingsforløpet mot slutten av siste istid i Noreg.

I vunderingsformer er en gruppeforskningsprosjekter inngår feltrapport og map, og to individuell øvingar i tolking av glasiale avsetningar og former.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar 

Studenten kan

  • forklare sentrale glasiologiske omgrep og definisjonar
  • forklare korleis småskala erosjons- og avsetningsformer er danna
  • forklare korleis glasiale landformer er danna
  • forklare danningsmåte og klassifikasjon av glasiale avsetningsformer

Ferdigheiter 

Studenten kan

  • gjere sjølvstendige feltobservasjonar
  • kjenne att geologiske prosessar og glasialgeologiske erosjons- og akkumulasjonsformer
  • beskrive og tolke glasiale erosjons- og avsetningsformer i felt
  • skrive individuell feltdagbok
  • utarbeide og rapportere feltdata skriftleg og framstille data grafisk
  • grunngje tolkingar
  • utarbeide eit kvartærgeologisk kart
  • tolke grafar og figurar
  • gjennomføre søk etter relevant litteratur, samt referere til litteratur og setje opp referanse-/litteraturliste

Generell kompetanse 

Studenten kan

  • bruke eit presist geologisk fagspråk til å beskrive og diskutere geologiske prosessar og hendingar
  • erkjenne, vurdere og kommunisere menneska si rolle i, vår uavhengigheit av og innverknad på geosystemet
  • demonstrere evna til å fungere individuelt, i samarbeid og etisk med andre
  • gjennomføre feltarbeid på ekskursjon i samsvar med GEO/UiB sine HMS-retningsliner

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust 

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen. Ei veke feltkurs på Vestlandet og eit par dagsturar. 
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar

GEOV105

 

Studiepoengsreduksjon

10 sp med GEO111 (SV-fakultetet) og GEOV106

5 sp overlapp med AG204 frå UNIS

Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av førelesningar, øvingar og ekskursjon (ei veke feltkurs på Vestlandet).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Feltkursen på Vestlandet, feltrapport og kart, en gruppe presentasjon, og to individuell innleveringsøvingar.
Vurderingsformer
Mappevurdering (ingen eksamen)
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Vurdering skjer i undervisningssemesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.