Geopraksis

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål

Emnets mål er å gje studentane praktisk innsikt i moglegheiter og utfordringar ein møter i arbeidslivet som geolog eller geofysikar. Studentene skal ha tre vekers praksis i bedrifter, forvaltningsinstanser eller organisasjonar innen geovitenskapelige disipliner.

Innhald

Emnet startar med eit søknads- og CV seminar med innhenta ekspertise. Studentene lærer å skrive søknad og CV, og skriv deretter ein jobbsøknad opp mot ein jobbannonse.

I praksisperiodane skal studentene bli kjent med en fagrelevant verksemd, og utføre arbeidsoppgåver etter anvisning frå nærmaste ledar.

I løpet av emnet skal studenten tileigne seg kunnskap om korleis verksemda er organisert, og få erfaringar, kunnskapar og ferdigheiter som arbeidstakar i verksemda.

Utanom praksisperiodane er det undervisning med forelesningar og seminarar ved Institutt for Geovitenskap. Innholdet i undervisninga vil i hovudsak dreie seg om arbeidsmoglegheiter, samansetning av geofagssektoren i samfunnet, innovasjon, oppstart av bedrifter og refleksjon omkring eigen arbeidsutføring.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten har:

  • bred kunnskap om geofaglege problemstillingar dei kan møta i arbeidslivet
  • kunnskap om verksemda dei har praksisopphold i
  • kjennskap til verksemdas moglegheiter, utfordringar og framtidsperspektiv
  • kjennskap til krav, forventningar og kompetanse som stilles til arbeidstakera i verksemda

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • arbeidsprosessen med å skrive søknad og CV
  • reflektere over eige arbeid, gjennomføring og justere dette under veiledning
  • beherske intervju som metode for innsamling av data
  • finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff om verksemda og presentere dette skriftleg og munnleg
  • koble faglege eigenskaper med yrkesutøvinga og ha refleksjon over eigne ferdigheiter

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • ha innsikt i fag- og yrkesetiske problemstillingar i verksemda.
  • planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver åleine og som deltakar i ei gruppa, i tråd med dei rådande etiske krav og retningslinjer som gjelder for bedrifta
  • formidle og kommunisere uavhengige faglege synspunkt, relevante problemstillingar og løysningar både skriftleg, munnleg og gjennom andre uttrykksformer

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå. 

Undervisningssemester

Vår.

Emnet inngår i undervisningsopptaket og har eit avgrensa antall plassar. Antall plassar avhenger av tilgjengelege praksisplassar

Opptak i emnet vil basere seg på et motivasjonsbrev. Motivasjonsbrevet skal leverast på skjemaet under og har frist til 18. desember 2023.

https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=15512763

Emnet er reservert for studentar på 6. semester i bachelorprogram i Geovitenskap (geologi og geofysikk). Ved restplassar, kan desse tildelast studenter på andre årskull i bachelorprogrammet i Geovitenskap.

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
Du må ha fullført minst 60 stp i din bachelorgrad for å få opptak til emnet. 
Tilrådde forkunnskapar
Ingen. 
Studiepoengsreduksjon
Ingen.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Studentane har praksis i en fagrelevant verksemd i tre veker. Undervisninga utenom praksis består av forelesningar og seminarar ved lærestaden.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppmøte i undervisninga. Obligatorisk oppmøte i praksisbedrift. Det må leggas fram legeattest eller anna gyldig dokumentasjon ved fravær.
Vurderingsformer

Mappeevurdering:

- Skriftleg jobbsøknad med motivasjonsbrev og CV

- Blogginnlegg om praksisoppholdet

- Refleksjonsnotat frå praksisoppholdet

- Presentasjon frå innovasjonsworkshop

- Posterpresentasjon om praksis

Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår. Det er berre mogleg å vurderingsmelde seg og gjennomføre mappevurderinga i semesteret emnet blir undervist. 
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk naturvitskaplege fakultet ved Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.