Videregåande bassenganalyse

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Dette emnet er tverrfagleg og er samansett av tre delar: Emnets første del inkluderer geomatikk, GIS, og digital blotningsgeologi.  Det vil bli fokusert på bruk av moderne digitale kartleggingsteknikkar, som LiDar, fotogrammetri og fjerndata, og korleis ein kan tolke slike data og nytte dei til modellering. Emnet omfattar heile arbeidsflyten frå datainnsamlingsmetodar, prosessering og tolkingsteknikkar.

Emnets andre del har som mål å gi studentane vidaregåande opplæring i tolking og visualisering av 3D seismiske data med fokus på avanserte teknikkar for «conditioning» seismiske data, kartlegging av flater og bruk av ein rekke seismiske attributtar for å beskrive og tolke strukturer, geomorfologi og sedimentologi av avsetjingssystem. I kurset nyttast programmet Petrel.

Den tredje  delen gjer studenten teoretisk bakgrunn og kunnskap om strukturelle, sedimentære og stratigrafiske prinsipp som grunnlag for å forstå utvalde tema i integrert bassenganalyse. Døme på tema som dekkast er: Modellar for skorpe-strekking og bassengdanning, forkastings- og foldevekst, salttektonikk, «source-to-sink», sedimentære prosessar og sekvensstratigrafi.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten skal etter å ha gjennomgått kurset

  • ha grunnleggjande kunnskapar om bruk av moderne digitale kartleggingsteknikkar
  • vite korleis seismiske attributtar kan nyttast i facies og avsetningsmiljøtolking
  • ha detaljert kunnskap om fleire sentrale tema i bassenganalyse
  • vere kjent med sentral litteratur og den nyaste forskinga innan temaene
  • vere i stand til bruke kunnskapen i eigne forskingsprosjekt

Ferdigheiter

Studenten skal etter å ha gjennomgått kurset kunne

  • anvende digitale kartleggingsteknikkar
  • tolke kartlagde data i integrerte sedimentologiske og strukturelle studiar samt anvende dem i modellering av reservoaranalogar
  • optimalisere visualisering av seismiske attributtar, og nytte disse i tolking av facies og avsetningsmiljø
  • kunne anvende sentral kunnskap i bassenganalyse i evaluering av eit bassengs strukturelle og/eller sedimentologiske utvikling

Generell kompetanse

  • Være i stand til å bruke kunnskapane og ferdigheitene tilegnet under kurset til praktisk arbeid relatert til undergrunns prospekt evaluering og reservoar karakterisering i forbindelse med mellom anna CO2 lagrings deponi, akviferar og petroleumsførekomstar.  

Studiepoeng, omfang

5 SP

Studienivå (studiesyklus)

Master, PhD

Undervisningssemester

Høst. Undervisningen gis konsentrert.

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
GEOV101, GEOV102, GEOV111, Bachelor i geologi, geofysikk eller tilsvarende
Tilrådde forkunnskapar
GEOV107, GEOV260, GEOV272
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningen gis intensivt i form av forelesninger og øvelser seks timer per dag i to og en halv uke. 
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatoriske oppmøte på alle førelesningar, samt øvingar
Vurderingsformer
4 timar skriftleg skuleeksamen. Digital eksamen. 
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret uten undervising er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Støttelitteratur blir definert/utdelt under kurset
Emneevaluering
 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle kalkulatorar tillatt, i samsvar med fakultetet sine reglar
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.