Offentleg politikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Kurset retter merksemd mot kva offentlege myndigheiter gjer, kvifor dei gjer det, og korleis dei får det til. Målet er å gi ein oversikt over ulike tradisjonar, perspektiv, problem og moglegheiter innanfor politisk analyse og samfunnsstyring. Dette gjer vi ved å undersøka ulike samfunnsaktørars tilnærmingar, interesser og ressursar, og ved å sjå nærmare på offentlege institusjonar, verkemidlar og verktøy i utforminga av politikk. Vi undersøker vedtaksprosessar - frå agendasetting, politikkutvikling og til iverksetting og evaluering - og forskjellege styringssystem. Administrative reformar og organisasjonsendringar med døme frå politikkområde som forvaltingspolitikk, utdanningspolitikk, helsepolitikk og velferdspolitikk er sentralt. Dette er komplekse samfunnsproblem som ikkje så lett lar seg løysa, og som omtales som grenseoverskridande problema eller «wicked problems». Vi byrjar kurset med å studere forskjellige politikkområde og avsluttar med ein nærmare analyse av nyare utviklingstrekk og reformar innanfor offentleg politikk og administrasjon som vektlegg kvalitet i offentlege myndigheiter og samfunnsstyring («quality of government» og «good governance»), og det som kallas ny offentleg styring eller «New Public Management» og «Post-New Public Management». The compulsory assignment must be approved in order to take the exam. Approved compulsory assignments are valid in the current and following two semesters.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar 

Studenten

  • har inngåande oversikt over kunnskapsstatus og utvikling i litteraturen om offentleg politikk og styring
  • har avansert kunnskap om korleis offentleg politikk og styring analyserast ut i frå dei forskjellige etablerte perspektiva i faget
  • kan anvende kunnskapen på fleire og nye område for offentleg politikk og styring
  • kan analysera faglege problemstillingar med utgangspunkt i fagområdets historie og eigenart

Ferdigheiter 

Studenten

  • har utvikla evne til kritisk tenking og kan gjennomføra uavhengig avansert analyse som vurdera, diagnostiserer og omhandlar offentleg politikk og styringsrelaterte utfordringar
  • kan på ein sjølvstendig måte analysera og anvende eksisterande teoriar, fortolkingar og empiriske arbeide innanfor forskingsområdet
  • kan anvende kunnskapen i eit sjølvstendig forskingsarbeid

Generell kompetanse

Studenten

  • kan diskutera, analysera og utnytta innhaldet i kurset for å svare på relevante forskingsspørsmål og forskingsmål
  • kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter på fleire ulike politikkområde kan kommunisera om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor offentleg politikk og styring til fagfellar, relevante aktørar innanfor politikk, offentleg forvalting og til allmenningen
  • kan bidra til teoretisk nytenking og utvikling av fagområdet samt anvende ulike forskingsmetoder.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar

AORG101, AORG104, AORG103 / AORG107, AORG215

eller

GOV101, GOV104, GOV103 / GOV107, GOV215

Studiepoengsreduksjon
  • AORG322A (10 sp)
  • AORG322B (10 sp)
  • AORG318 (10 sp)
  • AORG320 (10 sp)
  • Krav til studierett

    Emnet er ope for studentar som er tatt opp til masterprogram ved Institutt for politikk og forvaltning.

    Innvekslingsstudenter på master nivå kan godtas etter søknad. Søknad kan avslås grunnet kapasitet.

    Arbeids- og undervisningsformer
    6-8 førelesingar og 3-4 seminar. Studenten forventast å ta aktivt del i diskusjonen.
    Obligatorisk undervisningsaktivitet

    Presentasjon av eit kortare essay (omlag 2000 ord) om eit pensum relatert tema. I tillegg skal kvar student minst ein gong kommentera eit skriftleg/munnleg bidrag frå ein annan student.

    Arbeidskravet må vere godkjent for å kunne ta eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle semesteret samt dei to påfølgande semestra.

    Vurderingsformer

    Fire timars skuleeksamen.

    Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
    Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

    Karakterskala
    Bokstavkarakterar A-F
    Vurderingssemester

    Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

    Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB.

    Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

    • Legeattest/gyldig fravær
    • Avbrudd under eksamen
    • Stryk/ikke bestått

    Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 15. januar melde deg opp sjølv i Studentweb.

    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for emnet.