Gresk: Særpensum (masternivå)

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål: Studiet vil gi studentane auka kjennskap til den tekstkategori (forfattar, genre osv.) som skal gi grunnlag for masteroppgåva, og vidare gi eit oversyn over den moderne forskingslitteraturen kring tekstkategorien.

Innhald: Studenten leser eit gresk tekstpensum som skal gi grunnlag for masteroppgåva, og sekundærlitteratur relatert till de greske tekstene.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har

- inngåande kjennskap til gresk språk og grammatikk

- inngåande og detaljert kunnskap om valde greske forfattarar og tekster

- innblikk i forskinga på dei valde greske forfattarane og tekstene

Ferdigheiter

Kandidaten kan

- omsette dei valde tekstane utan hjelpemiddel

- relatere greske tekster frå ulike sjangrar med kvarandre, den greske litteraturhistoria og den breiare historiske bakgrunnen

- tileigne seg hovudmomenta i innhaldet i ein ukjend gresk tekst utan hjelpemiddel

Generell kompetanse

Kandidaten kan forstå og gjere greie for samanhengar av litterær, historisk, overleveringsmessig eller språkleg art. Det fører med seg meir omfattande lesing av sekundærlitteratur, og kan gjennom spesialiseringa førebu val av tema for mastergradsoppgåva.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår/haust etter behov

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Minst 90 studiepoeng i gresk på bachelornivå (eller dokumenterte tilsvarande kunnskapar).
Studiepoengsreduksjon
Emnet overlappar 10 studiepoeng med GRE305
Krav til studierett
Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i gresk ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Tekster og vitskapleg litteratur skal lesast individuelt under rettleiing.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

Eksamen består av ein munnleg prøve, der kandidaten skal lese, omsetje og analysere greske tekster frå pensum, og svare på spørsmål med utgangspunkt i de omsette tekstane og frå pensum elles.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan vere på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Vår/haust etter behov. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste

Pensum er på til saman omlag 200 sider gresk prosatekst (30 linjer = 1 side), eller 4000 linjer gresk vers, eller en vekta kombin Fagmiljøet i klassiske fag asjon av vers og prosa; i tillegg skal ein velje eit utval sekundærlitteratur relatert til dei greske tekstane. Tekster blir valt av studenten i samråd med rettleiar.

Tekster som har inngått i bachelorgraden kan ikkje leggjast opp på nytt.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret for klassisk
Emneansvarleg
Fagmiljøet i klassiske fag
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium