Gresk mastergradsoppgåve

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mastergradsoppgåva er det sentrale elementet i mastergradsstudiet som dei andre emna skal byggje opp under. Der skal studentane vise at dei meistrar gresk språk og klassisk filologisk metode eller annan metode som er relevant for temaet dei har valt. Tekststudiet står i sentrum - det kan gjelde litterære tekstar, innskrifter, dokumentariske papyri, osv., frå den antikke eller den bysantinske perioden - men det problem som mastergradsoppgåva er konsentrert om, kan vere språkvitskapleg, litteraturvitskapleg, historisk, religionshistorisk, resepsjonshistorisk osv. Oppgåva byggjer på eige arbeid under rettleiing, og er det element som veg tyngst når den endelege karakteren skal fastsetjast.

Læringsutbyte

Med mastergradsoppgåva skal studentane ha gjennomført eit sjølvstendig arbeid som viser forståing, refleksjon og modning. Oppgåva skal syne at studentane kan arbeide med og tolke eit tekstleg kjeldemateriale, er fortruleg med vitskapleg metode, og meistrar litteratursøking og bruk av forskingslitteratur og tekstbasar.

Studiepoeng, omfang

60

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Minst 90 stp. i gresk på bachelornivå og minst 30 stp. i GRE301-306 (av dette er godkjend GRE306 obligatorisk).

Studiepoengsreduksjon
Ingen.
Krav til studierett
Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i gresk ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Emnet for mastergradsoppgåva skal veljast i samråd med rettleiar. Prinsipielt kan alle relevante emne innafor gresk språk og litteratur frå antikken eller den bysantinske perioden veljast, men for å vere sikra rettleiing bør studentane velje eit emne i tilknyting til dei områda som er representerte blant faglærarane. Om oppgåva er av tverrfagleg art, kan rettleiinga skje i fellesskap med ekstern rettleiar. Studentane bør velje tema og problemstillingar som dei ut frå fagstudiar og andre forkunnskapar har særlege føresetnader for å arbeide med. Profilane på GRE303-306 skal veljast med direkte omsyn til temaet for oppgåva. Omfanget på mastergradsoppgåva skal liggje mellom 70 og 110 sider.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Student og rettleiar skriv båe under på ein rettleiingskontrakt.
Vurderingsformer

Mastergradsoppgåva og ei munnleg prøve som tek utgangspunkt i masteroppgåva. Det blir gitt sensur / karakter på oppgåva før munnleg. Munnleg er justerande (med inntil ein karakter opp eller ned). Ein må få ståkarakter på begge delane for å få ståkarakter i emnet.

Masteroppgåva kan skrivast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Det blit lagt opp eit pensu på om lag 1500 sider i samråd mellom kandidat og rettleiar.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret for klassisk
Emneansvarleg
Fagmiljøet i klassiske fag
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium