Helseleiing

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med studiet er å bidra til å styrkja kunnskapane til den enkelte student og ferdigheter som er naudsynt for å vera leiar i helsesektoren.

Studiet skal gje innsikt i:

  • Tilhøve som fremjar og hemmar god leiing i helsevesenet.
  • Korleis organisasjonsteori kan brukast som eit analyseverktøy i helsevesenet.
  • Sosialmedisinske grunnomgrep om helsa til folkesetnaden og sjukdom
  • Prioriterings- og effektiviseringsutfordringer i det norske helsevesenet
  • Reformer som på ulike nivå i helsevesenet dannar rammer for god leiing og organisering av den enkelte eininga
  • Tilhøve som fremjar og hemmar læring i kunnskapsorganisasjonar.
  • Kommunikasjon på tvers av ulike profesjonsgrupper
  • Samhandling og endringsleiing

Læringsutbyte

Kurset skal gi innsikt i sentrale problemstillingar for leiarar i helsesektoren:

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

  • Studenten
    • Kjenner godt til dei viktigaste rammene for organisering av helsevesenet, arbeidsmåtar, leiing og styring, og ulike teoretiske modellar for dette
    • Har inngåande kunnskap om leiingsfaget si historiske utvikling og dei mest sentrale teoriane om leiing
    • Kan forklare teoretiske perspektiv innan organisasjonsstruktur og -kultur og korleis desse verkar inn på leiing i moderne helseorganisasjonar
    • Kjenner til Norges globale helseforpliktingar, prioriteringskriterium og prinsipp for etiske vurderingar

Ferdigheiter:

  • Studenten
    • Forstår ulike teoretiske modeller for å styre, lede og organisere helsetenestene
    • Kan drøfte utfordringar med å styre og lede helsetenestene
    • Kan drøfte konsekvensar av ulike verktøy for styring av helsetenestene

Generell kompetanse:

  • Studenten
    • Kan reflektere kritisk over samanhengar mellom ulike verktøy for styring, rammevilkår og utøving av helsetenestene
    • Forstår og kan anvende ulike modeller for styring, organisering og leiing av helsetenestene

Studiepoeng, omfang

20 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Høst + vår
Krav til forkunnskapar
Studentane skal ha utdanningsnivå tilsvarande minimum bachelorgrad i tillegg til minst to års erfaring frå helsetenesta.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Studiet er berekna på helsepersonell med grunnutdanning av eit omfang som minimum tilsvara ein bachelor-grad, og som har minst to års relevant yrkespraksis frå norsk helseteneste. Ein søkar opptak til emnet via EVU-søknadsweb
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar vert halde av lærebokforfattere, fagansvarlige, forskarar og reflekterte praktikere. Det vert lagt opp til ein dialogisk arbeidsform. Teoriar og omgrep frå pensum vert diskutert i plenum og i grupper, med utgangspunkt i eigne røynslene til deltakarane. At studiet er erfaringsbasert, tyder at røynslene til deltakarane aktivt vert brukt som ein ressurs i undervisinga.

Individuelle oppgåver vert opp følgt med rettleiing og presentasjon for kollegaer. Studentane må setja av tid til sjølvstudium mellom samlingane. Gjennom det nettbaserte støttesystemet Mitt UiB, gjevast det tilgjenge aktuell litteratur, timeplanar og annan informasjonsmaterial

Undervisinga vert konsentrert i fire ukessamlinger. Dei fire samlingane strekkjer seg over ein periode på eit halvt år. Oppstart er i haustsemesteret og eksamen på nyåret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunna gå opp til eksamen, må studenten få godkjent to arbeidskrav og ha minimum 80% oppmøte til undervisningen.

  1. Eit gruppearbeid som vert presentert munnleg i plenum, støtta av ein PPT-presentasjon
  2. Ei individuell skriftleg oppgåve på 6-7 sider, der studenten kan velja å ta utgangspunkt i ei aktuell problemstilling frå sin eigen arbeidsplass.
Vurderingsformer
Heimeeksamen
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programutvalg for ledelse, økonomi, kvalitet og digitalisering i helse
Administrativt ansvarleg
Institutt for global helse og samfunnsmedisin