Introduksjon til helse og samfunn

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

HELSAM301 er introduksjonsemnet i masterprogrammet "Helse og samfunn". Emnet skal gi studentane ein første introduksjon til helseutfordringar i dagens Noreg, samt sentrale perspektiv på utfordringane. Vidare skal emnet gje ein praktisk innføring i trinna i ein forskingsprosess og litteratursøk. Emnet er studentaktivt.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten har:

  • Innsikt i sentrale helseutfordringar i dagens Noreg
  • Innsikt i teoretiske perspektiv på helseutfordringar
  • innsikt i trinna i ein forskingsprosess
  • kunnskap om korleis litteratursøk vert bygd opp
  • kunnskap om akademisk skriving og presentasjonar

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • reflektere rundt sentrale helseutfordringar og deira kompleksitet
  • sjå helseutfordringane frå ulike teoretiske perspektiv
  • skissere trinna i ein forskingsprosess på eit overordna plan
  • gjennomføre enkle litteratursøk og velgje relevante databasar for søk
  • skrive og presentere et abstrakt

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • plassere konkrete helseproblem inn i ein samfunnsmessig kontekst, samt beskrive og diskutere deira kompleksitet
  • presentere og grunngje trinna i ein forskingsprosess, skriftleg og munnleg

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Studierett på masterprogram i helse og samfunn. Andre studentar kan søkje om plass ved å kontakte studie.igs@uib.no.
Arbeids- og undervisningsformer

Følgjande arbeids- og undervisningsformer vert nytta:

- førelesningar med studentførebuande og - aktiviserande element

- gruppearbeid

- sjølvstudium

Det forventast at alle studentar møter opp og deltar aktivt i undervisninga. Kvar student har ansvar for eigen læring og for å bidra til gruppas læringsmiljø.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Oppgåveinnleveringar
  • Skriftlege tilbakemeldingar på medstudentar sine oppgåver
  • Skriftleg innlevering av abstrakt
  • Deltaking og munnleg gruppepresentasjon på BRAK-konferansen
  • Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldige tre semester.

    Vurderingsformer
  • Individuell skriftleg oppgåve
  • Karakterskala
    Bestått / ikkje bestått
    Vurderingssemester
    Haust
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Emnet evaluerast etter gjeldande retningslinjer for studiekvalitet. Alle emneevalueringer blir lasta opp i studiekvalitetsdatabasen.
    Programansvarleg
    Programutvalet for helsefag er ansvarleg for masterprogrammet i helse og samfunn
    Administrativt ansvarleg
    Studieseksjonen ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin.