Historiedidaktikk for master i historie (lektorutdanning)
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- HIDID313
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk / skandinavisk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet skal gi studentane ei vidareføring i fagfeltet fagdidaktikk innanfor tre hovudområde:
- Demokrati og demokratilæring
- Historie sin samfunnsmessige funksjon
- Undervisning i kontroversielle tema
Læringsutbyte
Studentane skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten har kunnskap om
- Korleis historie kan verka både frigjerande/inkluderande og undertrykkande/ekskluderande
- Kva som kan opplevast som kontroversielle historiske tema i ulike settingar i tid og rom.
- Korleis historie kan brukast til ulike føremål i samtida
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysere og kritisk drøfte og vurdere læreplanar, lærebøker og andre læremiddel for historiefaget i norsk skule
- kan planleggje, gjennomføre og evaluere eiga undervising og vurdere elevane sitt læringsutbytte
- kan undersøke læring i eige klasserom ved hjelp av fagkunnskap og fagdidaktisk teori og reflektere over dette skriftleg og munnleg
Generell kompetanse
Studenten
- kan nytte fagleg og fagdidaktisk kunnskap for å utvikle eigen og andre sin undervisningspraksis
- kan på fagdidaktisk grunnlag leggje til rette for at historiefaget blir ein arena for elevane si demokratiske danning
- kan reflektere over eiga rolle som forvaltar av samfunnet sin historiekultur.
Fulltid/deltid
-
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Krav til forkunnskapar
100-nivå og 200-nivå i historie; 100-nivå i fag II og gjennomført praksis i skolen i 7. semester.
Tilrådde forkunnskapar
Normal studieprogresjon på lektorprogrammet
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Opptak til lektorutdanning med master i historie eller religionsvitskap (med historie som fag 1) ved Det humanistiske fakultet.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar og seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Rettleia semesteroppgåve på om lag 2500 ord. Oppgåva må ikkje overskride 3000 ord.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Instituttet utarbeider litteraturliste på om lag 800 sider.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, Det humanistiske fakultet
Emneansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap