Bacheloroppgåve i Midtaustens historie

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet er ein del av studieretninga Midtaustens historie, og utgjer den obligatoriske bacheloroppgåva i ei spesialisering i historie.

Emnet skal gi studentane djupare innsikt i historisk metode og i historiske problemstillinger gjennom sjølvstendig arbeid med ei historisk oppgåve, bacheloroppgåva. Instituttet tilbyr rettleiing innafor eitt eller fleire nærare avgrensa felt av Midtaustens historie. Tilbodet vil variere frå år til år, avhengig av kva undervisningskrefter som er tilgjengelege. Instituttet gjev informasjon om kva tema som vert tilbodne i god tid før semesterstart.

Trykk her for informasjon om temaet som er gjeldande dette semesteret

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Ved fullført emne skal studenten ha gode kunnskapar om og kjenne til historiografi og sentrale teoriar innan tematikken til bacheloroppgåva.

Ferdigheiter:

Studenten skal vise sjølvstendig evne til å utvikle, avgrense og formulere fruktbare historiske problemstillingar innan temaet. Studenten skal demonstrere ferdigheiter i å kartlegge kva forskingslitteratur og eventuelt kjelder som er relevant for problemstillinga. Vidare skal studenten demonstrere ferdigheiter i å analysere forskingslitteratur/kjelder, posisjonere forskingslitteraturen historiografisk og evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid.

Generell kompetanse:

Studenten skal ha grunnleggande kompetanse i å utvikle og gjennomføre eit lengre sjølvstendig skriftleg arbeid. Ved å få og gi skriftlege tilbakemeldingar til medstudentar skal studenten demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon. Gjennom bacheloroppgåva skal studentane vise sjølvstendig evne til å resonnere, syntetisere og dokumentere i faglege framstillingar.

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Vår.

Det vil vere mogleg å ta emnet også om hausten, men tilbodet vil då vere avgrensa når det gjeld tilgjengelege tema.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er viktig.

Det er tilrådd at studenten har HIS101, HIS102, HIM101 og eitt av fordjupingsemna i Midtaustens historie (HIM103, HIM104 eller HIM105).

Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Om interessa er større enn rettleiingskapasiteten, har studentar innan studieretninga Midtaustens historie fyrsteretten.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer gjennom individuell rettleiing og/eller grupperettleiing. Arbeidet krinsar kring bacheloroppgåva. Studentane har sjølve hovudansvaret for å definere dei nærare rammene for og innhaldet i oppgåva, her under å identifisere og nyttiggjere seg den relevante faglitteraturen og eventuelle kjelder. Rettleiaren er ei støtte i dette arbeidet.

Studentane skal kommentere tekstframlegg frå medstudentar. Instituttet fastset kva oppgåver som skal kommenterast, og fristane for kommentarane.

Studentane får tildelt rettleiar. Rettleiinga skjer etter retningslinene til instituttet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet har fire obligatoriske undervisningsaktivitetar:

1. Studenten har plikt til å møte/kontakte rettleiar i god tid før innlevering av prosjektskissa, jf. punkt 2.

2. Prosjektskisse for bacheloroppgåve. Skissa skal innehalde presentasjon av temaet, førebels disposisjon og utgreiing om relevant litteratur. Den er basis for diskusjon mellom lærar og studentar.

3. Utkast til bacheloroppgåve som vil verta diskutert og kommentert av lærar og studentar.

4. Skriftlege kommentarar til andre studentar sine arbeid. Det blir lagt vekt på konstruktiv kritikk og fagleg gode og sjølvstendige kommentarar.

Studenten må få godkjent alle fire aktivitetar før ein får gå opp til eksamen. Alle obligatoriske undervisningsaktivitetar må vere godkjent i same semester. Godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar er berre gyldig i undervisningssemesteret.

Fristane for innlevering av undervisningsaktivitetane blir kunngjort på Mitt UiB ved starten av semesteret.

Vurderingsformer

Emnet har to vurderingsdeler, ei rettleidd oppgåve (bacheloroppgåve) og ein justerande munnleg eksamen.

Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på om lag 6000 ord.

Den munnlege prøva justerer karakteren på bacheloroppgåva, som maksimalt kan endrast med ein bokstavkarakter.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste

HIM250 har ikkje eit definert pensum, men studentane skal som del av arbeidet med bacheloroppgåva gjere greie for kunnskapsstatus innanfor temaet oppgåva handsamar.

Litteratur som er nytta i samband med oppgåva skal listast opp i bibliografien.

Emneevaluering
Emnet vert evaluert jamleg.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap