Oversyn over nyare historie frå 1750

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi oversyn over dei viktigaste utviklingstrekka i norsk og internasjonal historie frå omlag 1750 og fram til i dag.

Emnet er kronologisk oppbygd. Politiske, økonomiske og sosiale endringar utgjer dei tre tematiske tyngdepunkta i emnet.

Emnet vektlegg norsk og europeisk historie, men der prosessar og hendingar òg vert sett inn i globale referanserammer.

Emnet gir ei grunnleggjande innføring i arbeidsmetodar i historiefaget.

Emnet er obligatorisk i ei spesialisering i historie, og i eit årsstudium i historie.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskapar om sentrale hendingar, institusjonar og prosessar innan økonomisk, sosial og politisk historie etter 1750.
  • har grunnleggjande kunnskap om arbeidsmetodar i historiefaget.

Ferdigheiter

Studenten

  • viser evne til kritisk lesing av historisk faglitteratur, til å drøfte historiske problemstillingar og til å trekke konklusjonar.

Generell kompetanse

Studenten

  • viser evne til å setja seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskap og til å argumentera for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Vår. Undervisninga går føre seg i andre halvdel av semesteret (undervisningsblokk vår 2).

Undervisningsstad

Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk er viktig.
Studiepoengsreduksjon

HIS102-1

På grunn av fagleg overlapp vil HIS101 bli redusert med 5 studiepoeng i kombinasjon med SAS13.

Krav til studierett
Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gjeven i form av førelesingar (om lag 40-45 undervisningstimar totalt).

Ekstra studentseminar kan verte tilbode om ressursar er tilgjengelege.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne ta eksamen, må studenten ha løyst tre sett av fleirvalsoppgåver med spørsmål frå pensum. Nærare opplysningar om krav og fristar vert gjevne ved undervisningsstart.

Godkjende obligatoriske oppgåver er gyldige i inneverande og i to påfølgjande semester.

Vurderingsformer
7 dagars heimeeksamen med eit omfang på om lag 3000 ord (ikkje medrekna referansar og litteraturliste).
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår og haust.
Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1500 sider.

Emneevaluering
Emnet vert evaluert jamleg.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.