Oversyn over nyare historie frå 1750
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- HIS102
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Normalt undervises emnet på norsk.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å gi oversyn over dei viktigaste utviklingstrekka i norsk og internasjonal historie frå omlag 1750 og fram til i dag.
Emnet er kronologisk oppbygd. Politiske, økonomiske og sosiale endringar utgjer dei tre tematiske tyngdepunkta i emnet.
Emnet vektlegg norsk og europeisk historie, men der prosessar og hendingar òg vert sett inn i globale referanserammer.
Emnet gir ei grunnleggjande innføring i arbeidsmetodar i historiefaget.
Emnet er obligatorisk i ei spesialisering i historie, og i eit årsstudium i historie.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har grunnleggjande kunnskapar om sentrale hendingar, institusjonar og prosessar innan økonomisk, sosial og politisk historie etter 1750.
- har grunnleggjande kunnskap om arbeidsmetodar i historiefaget.
Ferdigheiter
Studenten
- viser evne til kritisk lesing av historisk faglitteratur, til å drøfte historiske problemstillingar og til å trekke konklusjonar.
Generell kompetanse
Studenten
- viser evne til å setja seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskap og til å argumentera for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gjeven i form av førelesingar (om lag 40-45 undervisningstimar totalt).
Ekstra studentseminar kan verte tilbode om ressursar er tilgjengelege.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å kunne ta eksamen, må studenten ha løyst tre sett av fleirvalsoppgåver med spørsmål frå pensum. Nærare opplysningar om krav og fristar vert gjevne ved undervisningsstart.
Godkjende obligatoriske oppgåver er gyldige i inneverande og i to påfølgjande semester.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1500 sider.