Teknikkar i historiefaget

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Studentane skal lære praktiske redskap og/eller hjelpevitskapar som er relevante for ferdigstillinga av ei masteroppgåve. Studiet er bygd opp kring ulike teknikkar som er aktuelle for studentar som arbeider med historie på mastergradsnivå. Instituttet vil vere fleksibelt med omsyn til kva ein kan la gå inn i emnet, og undervisninga vil i ein viss grad vere tilpassa det studentane til ei kvar tid treng.

Våren 2024 kan du velje mellom to tema på HIS304:

1. Gotisk håndskrift

2. Middelalderpaleografi

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har studenten grunnleggjande kunnskapar innan teknikken som er valt.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke teknikken sjølvstendig i eige arbeid, og kan vurdere metoden og teknikken kritisk

Generell kompetanse

Studenten

  • har evne til å setja seg inn i relevant litteratur og bruke denne innsikta på ein praktisk-metodisk måte.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Masternivå

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar som er tekne opp til eit mastergradsstudium ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Instituttet vil tilpasse undervisninga etter kor mange studentar som melder seg. Ein legg opp til stor grad av sjølvstudium frå studentane. Instituttet vil utvise stor grad av fleksibilitet overfor studentar som tek relevante kurs ved andre lærestader eller institutt, særleg dersom instituttet ikkje sjølv kan tilby undervisning i ein relevant teknikk.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Øvingsoppgåve
  • Studentane skal levere inn ei øvingsoppgåve som må vere godkjent før dei kan gå opp til eksamen.

    Vurderingsformer
  • Munnleg prøve
  • Karakterskala
    Ved fastsetjing av karakteren vil det bli nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
    Vurderingssemester
    Vår
    Litteraturliste
    Instituttet utarbeider retningsliner for val av pensum.
    Emneevaluering
    Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Administrativt ansvarleg
    Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.