Databasar og modellering

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet gjev innføring i metodar for organisering, strukturering, representasjon og lagring av store informasjonsmengder.

 

Innhald:

Hovudvekta blir lagt på teknikkar for datamodellering, samt teorien for relasjonsdatabaser. Andre viktige tema er relasjonsalgebra, spørjespråk, lagringsmedia og lagringsmetodar. Personvernaspekt ved innsamling og behandling av data står sentralt.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om spørjespråket SQL,
  • har kunnskap om datamodellering og ER-diagrammar,
  • kan forklare viktige prinsipp for databasedesign,
  • kan forklare dei viktigaste delar av relasjonsalgebra,
  • har kunnskap om database-administrasjon og database-applikasjonar,
  • har kjennskap til personopplysningslova og kan diskutere etiske sider ved datahandsaming og personvern

 

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke spørjespråket SQL,
  • kan ved hjelp av datamodellering foreslå fornuftige datastrukturar ut frå ustrukturert informasjon om eit gitt problemområde,
  • kan bruke slike datastrukturar ved hjelp av eit databaseverktøy,
  • kan designe relasjonsdatabaser,
  • kan lage enkle vev-applikasjonar.

 

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar,
  • kan planleggje og gjennomføra databaseprosjekt i team og i tråd med etiske krav og retningslinjer,
  • kan formidle sentralt fagstoff både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer, og
  • kan utveksle synspunkter og erfaringar med andre med bakgrunn innafor fagområdet og gjennom dette bidra til god praksis.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
INF100. INF101 bør takast samstundes
Studiepoengsreduksjon

INFO122: 5 SP

INFO125: 5 SP

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer
Inntil 6 timar per veke i 13 veker med vekslande mellom organiserte førelesningar og tid til prosjektarbeid, ytterlegare 2 timer per veke for oppgåveløysing og rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Bestått prosjektarbeid og presentasjonar. Deltaking på obligatoriske førelesingar.

Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer
Skriftleg eksamen (3 timar).
Resultat frå prosjektarbeid og presentasjonar kan telje med i sluttkarakteren.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karkaterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem
Hjelpemiddel til eksamen
Lovlege hjelpemiddel vert kunngjort i starten på kvart semester.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studierettleiar
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.