Innføring i programmering modul 1

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å lære studentane grunnleggjande programmering

 

Innhald:

Emne dekker tema som variablar, funksjonar, kontrollflyt, listar og oppslagsverk

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar og ferdigheiter:

 

Kunnskapar

Studenten kan

  • Utvikle enkle dataprogram
  • Lese enkel programkode og forstå kva programmet gjer

 

Ferdigheiter

Studenten beherskar

  • Variablar
  • Innlesing frå brukar
  • Kontrollflyt som betingelser, løkkar og funksjonar
  • Strukturar som listar og oppslagsverk

 

Undervisningssemester

Uregelmessig.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon

5 Studiepoengsreduksjon mot følgende emne:

 

INF100

INFO132

MIX101

INF109

I110
DATA110

LING123

2,5 Studiepoengsreduksjon mot følgende emne:
DIGI111

Krav til studierett
For oppstart på emnet må du søkt og fått opptak til dette vidareutdanningsemnet gjennom UiB Videre, Etter- og videreutdanning
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Emnet vil ha obligatoriske innleveringar. Obligatoriske aktivitetar er berre gyldig i undervisningsemesteret.
Vurderingsformer

Skriftleg (digital) avsluttande eksamen der alle skrive og trykte hjelpemiddel er lovlege

For å beste emnet må tilstrekkeleg mange innleveringsoppgåver og avsluttande eksamen vere godkjende

Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester emnet vert undervist.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret og 01.02 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate utanom kommunikasjon med andre.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studierettleiar
Administrativt ansvarleg
The Faculty of Mathematics and Natural Sciences represented by the Department of Informatics is the course administrator for the course and study programme.