Masteroppgåve

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Studentane skal vise at ho/han er i stand til å nytte metode frå informasjonsteknologi og økonomi til å gjere ei omfattande analyse av eit relevant problem. Framstillinga skal gjere greie for problemstilling, metode og resultat på ein oversiktleg måte. 

Masteroppgåva er eit fagleg sjølvstendig arbeid som kan vere teoretisk eller empirisk. Studentane skriv oppgåve i grupper på to studentar. Studentane vel tema i samråd med rettleiar, basert på prosjektskissa levert i 9. semester.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse: 

Kunnskap

Kandidaten...

  • har inngåande kunnskap om vitskapleg skriving og kjeldebruk, metodiske og forskningsetiske problemstillingar 
  • har spesialisert innsikt i eit område innanfor økonomi
  • gjer nytte av metodar frå informasjonsteknologi 

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • kan sjølvstendig utvikle og formulere ei presis problemstilling og utvikle eit forskningsdesign for å belyse eit tema innanfor økonomi 
  • kan på ein vitskapleg måte implementere det teoretiske og/eller empiriske rammeverket slik at det leier fram til ein strukturert og sjølvstendig analyse

Kompetanse 

Kandidaten...

  • kan gjennomføra et prosjekt frå idé til sluttføring 
  • kan nytte metode frå økonomi og informasjonsteknologi til å gjere ei omfattande analyse av eit relevant problem
  • kan formidle og drøfte avansert fagleg arbeid både skriftleg og munnleg

Studiepoeng, omfang

30 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår/haust
Krav til forkunnskapar
Gjennomført kursdel, 240 studiepoeng.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er avgrensa til studentar opptekne på studieprogrammet Informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør), master, 5 år. 
Arbeids- og undervisningsformer

Hovudregelen er at du skal skrive saman med ein annan student på programmet Informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør), master, 5 år. Det er ikkje høve til å være meir enn to. Må du skrive åleine, må du søkje om det.

Moglege årsaker for å skrive åleine:

  • Sjukdom/fødsel - som kan bli /er til hinder for å skrive effektivt saman med andre, for eksempel fødselstermin i innleveringssemesteret. Dokumentasjon frå lege/spesialist  vert krevd.
  • Privat avtale med bedrift - at bedrifta ønskjer eksklusivt eller konfidensialitet med ein student. Vi må ha stadfesting frå bedrifta.
  • Forsinkelse i studieløpet - at du har brukt meir enn fem år på studiet og fortsatt står att med masteroppgåva og opptil to kurs.
  • Andre grunnar som er til hinder for å få til eit godt og likeverdig samarbeid mellom to studentar.
  • Studentar som planlegg å ta ein ph.d.-grad kan få unntak, dokumentasjon som må leggast ved er karakterutskrift.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
I 9. semester av studiet leverer studenten ei prosjektskisse til instituttet.
Vurderingsformer

Innlevering av masteroppgåve.

Masteroppgåva kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester

Vår/haust

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiBs studieforskrift § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til Studieveileder.econ@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Ingen
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet.