Italiensk litteratur

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje ei innføring i italienskspråkleg litteratur og litteraturhistorie frå byrjinga det 20. hundreåret og fram til vår tid. Innføringa ver gjeven gjennom å lese og tolke skjønnlitterære tekstar og øve seg i litterær analyse. I studiet av tekstane blir merksemda retta mot litterære og språklege verkemidla og korleis tekstane er knytte til italiensk historie og kultur.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:

Kunnskap

Dei studentane som har gjennomført emnet,

  • kjenner pensumtekstane og den kulturelle konteksten deira godt
  • kan skildre hovudlinene i italiensk litteraturhistorie frå byrjinga av det 20. hundreåret og fram til vår tid
  • kjenner til eit utval av sentrale forfattarskap og litterære epokar i moderne italiensk litteratur
  • kjenner til eit utval av sentrale språklege og litterære verkemiddel og bruken av dei i dei ulike tekstsjangrane på pensum.

Dugleik

Dei studentane som har gjennomført emnet,

  • kan skildre, analysere, samanlikne og tolke pensumtekstane
  • kan identifisere eit utvalg av dei språklege og litterære verkemidla i pensumtekstane og skildre dei på italiensk både skriftleg og munnleg
  • kan sjå samanhengar mellom pensumtekstar på tvers av sjangre, epokar og stiler
  • kan plassere pensumtekstane i høve til hovudlinene i italiensk litteraturhistorie
  • kan bruke språklege og litterære verkemiddel og tema i sjølvstendige analysar og drøftingar av pensumtekstar.

Generell kompetanse

Dei studentane som har gjennomført emnet,

  • kan gjennomføre eit prosjekt som strekkjer seg over tid
  • kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling knytt til fagstoff
  • kan bruke den fagspesifikke kunnskapen og dugleiken i ein breidare, litterær kontekst
  • kan kommunisere både munnleg og skriftleg på italiensk på eit nivå utover det elementære.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav; sjå tilrådde forkunnskapar for meir informasjon.
Tilrådde forkunnskapar

100-nivå i italiensk eller tilsvarande.

Studentane bør ta våremna ITAL 121, ITAL123 og ITAL125 før ITAL122.

Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp blir studiepoengutteljinga for ITAL122 redusert med 10 studiepoeng dersom emnet blir kombinert med ITAL112 eller ITAL102.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Omfanget av undervisninga i emnet vil normalt vere ein dobbeltime førelesing (altså 2 undervisningstimar) og 2 timar seminar kvar veke i ein periode på 10 veker.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I løpet av semesteret skal det haldast ein presentasjon for dei andre studentane på omlag 10 minutter. Temaet for presentasjonen skal være knytt til pensum og kan ta form av munnleg innlegg, video eller andre munnlege former.

Det skal og skrivast ei øvingsoppgåve på italiensk på omlag 500 ord. Oppgåva vert kommentert av faglærar og skal leverast seinast 2 uker før utlevering av eksamensoppgåvene.

Dei obligatoriske oppgåvene vert vurderte til godkjent/ikkje godkjent.

Godkjenninga av dei obligatoriske arbeidskrava er berre gyldig i det semesteret desse blir gjennomførde og i semesteret etter.

Vurderingsformer
Semesteroppgåve på om lag 1800 ord skriven på fire veker parallelt med undervisninga i andre halvdelen av semesteret. Semesteroppgåva skal skrivast på italiensk.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av dei obligatoriske arbeidskrava frå semesteret før.
Litteraturliste

Litteraturlista opplyser om dei tekstar som til ei kvar tid gjeld for emnet. Litteraturlista vil vere klar på Mitt UiB innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Ein lyt òg skaffe seg grundigare kjennskap til forfattarane som er på pensum. Stoff om dei einskilde forfattarane finst i litteraturhistorier, leksika og kommentarbøker til pensumverka.

Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt.
Programansvarleg
Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for italiensk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.