Italiensk språk 2
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- ITAL124
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Italiensk og norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet utgjer andre del av den systematiske innføringa i italiensk grammatikk.
Dei øvingane som inngår i emnet, har som mål å fremje evna hjå studentane til å sameine kunnskapar i grammatikk og leksikalske kunnskapar i arbeidet med å utforme eigne tekstar på italiensk.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:
Kunnskap
Dei studentane som har gjennomført emnet,
- har tileigna seg hovuddraga i moderne italiensk grammatikk.
Dugleik
Dei studentane som har gjennomført emnet,
- kan forstå og gjere for dei sentrale problema i italiensk grammatikk
- kan òg integrere den grammatiske kunnskapen i eigen språkleg praksis.
Generell kompetanse
Dei studentane som har gjennomført emnet,
- kan gjennomføre eit prosjekt som strekkjer seg over tid
- kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling knytt til fagstoff
- kan vidareutvikle kunnskapane sine i ein studiekontekst eller i yrkeslivet
- har videreutvikla sin dugleik i å uttrykkje seg på italiensk
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga i emnet har form av førelesningar og seminarverksemd.
Omfanget av undervisninga i emnet vil normalt vere ein dobbeltime førelesing (altså 2 undervisningstimar) og 2 timar oppgåveseminar kvar veke i ein periode på til saman 10 veker.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal levere ei skriftleg utgreiing på italiensk om eit grammatisk problem i løpet av semesteret. Denne oppgåva blir vurdert som godkjend/ikkje godkjend.
Godkjenninga av dei obligatoriske arbeidskrava er berre gyldige i det semesteret dei er gjennomførde og i semesteret etter.
Vurderingsformer
Vurderingsforma i emnet er ein munnleg eksamen på omlag 30 minutt. Både italiensk og norsk kan nyttast på denne prøva.
I den munnlege prøva, som til vanleg tar utgangspunkt i ein tekst, skal studentane syne at dei har oversikt over dei sentrale problema i italiensk grammatikk og at dei kan greie ut om dei i munnleg form.