Italiensk språkhistorie og språklig variasjon

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gje inngåande kunnskap om den språkhistoriske utviklinga i Italia og til hovuddraga i dei dialektologiske og sosiolingvistiske tilhøva i landet i notid og fortid.

Det sentrale temaet for emnet er den språklege utviklinga frå tidleg mellomalder fram mot eit felles nasjonalt språk i ein språkleg kontekst som til alle tider har vore prega av mangfald.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheit og generell kompetanse:

Kunnskap Dei studentane som har gjennomført emnet,

  • har inngåande kjennskap til språkutviklinga i Italia
  • kjenner godt den språklege variasjonsbreidda i dagens Italia.

Ferdigheiter Dei studentane som har gjennomført emnet,

  • kan forstå og gjere greie for språklege problemstillingar som vedkjem italiensk i eit vidt historisk perspektiv
  • kan bruke desse kunnskapane i eit vidare studium av italiensk kultur.

Generell kompetanse Dei studentane som har gjennomført emnet,

  • kan gjennomføre eit teoritisk krevjande prosjekt med mange variablar
  • kan arbeide sjølvstendig med analytiske problemstillingar knytte til fagstoff
  • kan kommunisere på italiensk på eit høgt nivå.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen og digitalt
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad i italiensk eller spesialisering i italiensk språk og litteratur og lignende.
Tilrådde forkunnskapar
Italienskkunnskapar minst på nivå med dei bachelorgrad med spesialisering i italiensk gjev.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak til masterprogrammet i italiensk.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga i emnet har form av førelesingar og seminarverksemd med øvingar.

Omfanget av undervisninga i emnet vil normalt vere ein dobbeltime førelesing (det vil seie 2 undervisningstimar) og 2 timar oppgåveseminar kvar veke i ein periode på til saman 10 veker. Undervisninga vil føregå både på campus og digitale plattformer (hybrid).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det obligatoriske kravet for dette emnet er eit førebudd seminarinnlegg på omlag 20 minutt om eit oppgjeve tema. Innlegget blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Godkjenninga av det obligatoriske arbeidskravet er gyldig i det semesteret det blir gjennomført og semesteret etter.

Vurderingsformer
Mappevurdering. Studenten skal levere to individuelle oppgåver utan rettleiing på omtrent 2000 ord. Den fyrste skal leverast midtveis i semesteret, den andre ved slutten av semesteret. Båe oppgåver skal skrivast på italiensk. Oppgåvene legg grunnlag for ei samla karaktersetjing. Begge eksamensdelane må vere greidde i same semester.
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust/vår.
Litteraturliste
Litteraturlista opplyser om dei tekstar som til ei kvar tid gjeld for emnet. Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret.
Emneevaluering
Undervisningsopplegget blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for italiensk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.