Italiensk teoriemne
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- ITAL304
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Italiensk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet skal utgjere det teoretiske grunnlaget for det sjølvstendige arbeidet med masteroppgåva, og målet med emnet er å leggje til rette for det konkrete arbeidet med ei spesiell problemstilling.
Innhaldet i emnet skal utformast i samråd med rettleiar. Det kan vere av lingvistisk eller litteraturteoretisk art eller reflektere ei tverrfagleg tilnærming til det problemet som masteroppgåva skal utforske og som dette emnet skal danne basis for.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Dei studentane som har gjennomført emnet,
- har god kjennskap til relevant forsking innan det feltet som ein har konsentrert seg om
- har god innsikt i metodiske problemstillingar knytte til det teorigrunnlaget som skal nyttast i arbeidet med i masteroppgåva.
Ferdigheiter
Dei studentane som har gjennomført emnet,
- kan bruke den tileigna kunnskapen i sjølvstendige analysar av problem innan spesialfeltet
- kan formidle kunnskapar innanfor eige fagområde på italiensk
- er i stand til å gje sjølvstendig undervisning og drive utviklingsarbeid på feltet.
Generell kompetanse
Dei studentane som har gjennomført emnet,
- kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver som strekkjer seg over tid
- kan starte opp og gjennomføre eit teoritisk krevjande prosjekt
- kan arbeide sjølvstendig med analytiske problemstillingar knytte til fagstoff
- kan kommunisere på italiensk på eit høgt nivå
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å kunne gå opp til eksamen i ITAL304 må det leverast pensumliste til instituttet seinast ein månad etter den datoen som er frist for å melde seg opp til eksamen.
Godkjenninga av det obligatoriske arbeidskravet er berre gyldig i det semesteret det blir gjennomført og i semesteret etter.
Vurderingsformer
Vurderingsforma i ITAL304 er ein munnleg eksamen på om lag 30 minutt, der kandidaten blir beden om å greie ut om eit eller fleire problem frå teoripensumet.
Kandidaten får ei veke til å førebu innlegget sitt, og eksamenspanelet (faglærar og sensor) har høve til å kome med spørsmål i ein påfølgjande diskusjon.