Bacheloroppgåve i japansk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gje ei djupare forståing for eit avgrensa tema knytt til japansk språk, historie eller samfunn, gjennom sjølvstendig arbeid med ei bacheloroppgåve. Arbeidet med oppgåva skal danne godt grunnlag for videre Japan-studiar.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten

  • har djupnekunnskap om eit avgrensa område innanfor eit Japan-relatert tema
  • er kjend med konvensjonar for skriving av akademiske tekster

Ferdigheiter

Studenten

  • kan leite fram ulike typar kjeldelitteratur og vurdere kvaliteten av desse
  • kan gjere seg nytte av kunnskapar som hen har tileigna seg under utvekslingsopphaldet
  • kan arbeide systematisk med ei problemstilling for å produsere ei strukturert framstilling av, og diskusjon rundt, eit problemkompleks
  • kan ta imot og lære av kritiske kommentarar til eigen tekst i høve til struktur, argumentasjon og formuleringar

Generell kompetanse

  • kan tileigne seg kunnskap om eit tema og skrive ein akademisk tekst om dette under rettleiing

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår (frå starten av mars)

Undervisningsstad

Emnet går digitalt (Mitt UiB/Zoom).
Krav til forkunnskapar
Fullført JAS103 og JAS106, samt to semester med utvekslingsopphald i Japan.
Tilrådde forkunnskapar
God dugleik i engelsk.
Studiepoengsreduksjon

Det er 10 studiepoeng fagleg overlapping mellom JAS250 og EAS250.

EAS250 tilhøyrde den gamle studieplanen for bachelorprogrammet i japansk.

Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på bachelorprogrammet i japansk.
Arbeids- og undervisningsformer

Seminar kvar veke i ti veker:

  • Dei første fem vekene er det eit til to seminar per veke.
  • Dei siste fem vekene er det eit seminar per veke. Seminaret er orientert rundt studentane sine eigne munnlege presentasjonar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk med rettleiing av oppgåva to gonger gjennom semesteret. Studentane skal òg ha ein munnleg framlegging i samband med oppgåva.

All obligatorisk undervisningsaktivitet må bli godkjent i same semester. Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er berre gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer
Ei rettleidd bacheloroppgåve på om lag 6000 ord.
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Studenten søkjer sjølv etter relevant litteratur for oppgåva i samråd med faglærar.
Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for japansk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.