Moderne japansk historie og historiografi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har i hovudsak to målsetjingar. Det første er å få forståing for faglege forhold innan moderne og samtidig japansk historiografi, ved å presentere ein tydeleg oversikt over nøkkeltema, forskingsfunn og historikarar som arbeider i feltet. Slik skal studentar kunne plassere sine eigne oppgåver og forskingsprosjekt i dei relevante, pågåande diskursane. Det andre målet er å summere, presentere, omsetje og på andre måtar sette saman og kommunisere dei kunnskapane om både primær- og sekundærkjelder som krevst for å fullføre ein masteroppgåve.

Læringsutbyte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar¿¿

Kandidaten

  • viser forståing for fagfeltet moderne og samtidig japansk historie, inkludert feltets eiga historie og de akademiske og samfunnsmessige forholda det omfattar.
  • har byrja å utvikle djupare kunnskap om eit avgrensa forskingsfelt innanfor moderne og samtidig japansk historie.

Dugleikar¿¿

Kandidaten

  • er i stand til å gjennomføre et avgrensa, sjølvstendig forskingsprosjekt innan moderne og samtidig japansk historie, ved å nytte passande teoriar, metodar og tolkingar for å formulere problemstillingar og vidare å tileigna seg, syntetisere og analysere dei primær- og sekundærkjeldane som er naudsynte for å belyse slike problemstillingar.
  • kan omsetje (frå japansk til engelsk og/eller norsk) materiale frå primær- og sekundærkjelder som er relevant for studiet av moderne japansk historie. I tillegg til de tekniske dugleikane som trengst for konsistente omsetjingar av høg kvalitet, viser kandidatane sensitivitet overfor spørsmål om "kulturell omsetjing», dvs. forsiktigheit ved formidling av dei ekstralingvistiske implikasjonane i omset tekst.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan diskutere sentrale tema, omgrep, metodar og debattar innan fagfeltet moderne japansk historie, samt bruke denne kunnskapen for å analysere forskingsspørsmål. Kandidaten har den naudsynte kompetansen til kritisk lesing og analyse, og tilstrekkeleg munnleg og skriftleg dugleik i akademisk engelsk til å kunne kommunisere denne kunnskapen og hans videre relevans med fagpersonar og til allmenta.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Annankvar haust (oddetalsår)

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad i japansk med gjennomsnittskarakter minimum C.
Tilrådde forkunnskapar
Påviseleg kjennskap til moderne og samtidig japansk og/eller østasiatisk historie.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak til Masterprogrammet i japansk ved Universitetet i Bergen.¿
Arbeids- og undervisningsformer
  • Eitt seminar i veka i 12 veker
  • 6 forelesningar (asynkrone)¿
  • Obligatorisk undervisningsaktivitet

    Studenten skal:

    • summere opp kvar vekes pensumtekst med 250 ord eller færre
    • leie diskusjonen av minst ei av tekstene
    • utføre korte omsetjingar frå japansk til engelsk/norsk av ei historisk primærkjelde frå før 1945 og ei etter
    • fullføre ei semesteroppgåve på omlag 3000 ord

    Semesteroppgåva blir vurdert formativt og summativt, basert på eit førsteutkast, fagfellevurdering av ein medstudents førsteutkast, og eit endeleg utkast. Fagfellevurderinga vil bli gjennomført i samsvar med eit oppsett bestemt av faglærar. Oppsettet lar studenten bli kjent med beste praksis for slik vurdering.

    Alle aktivitetar må fullførast i same semester. Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er berre gyldig i semesteret det er godkjent.

    Vurderingsformer

    Vurdering gjerast på basis av innlevert mappe. Mappa skal bestå av:

    • oppsummeringane frå kvar veke
    • alt materiale brukt til leiing av diskusjon
    • korte omsetjingar av ei primærkjelde får før og ei etter 1945
    • førsteutkastet av semesteroppgåva, fagfellevurderinga, og sisteutkastet av oppgåva

    Fullførte omsetjingar skal være på omlag 500-1000 ord.

    Karakterskala
    Det blir nytta gradert karakterskala frå A -- F, der F er stryk.
    Vurderingssemester
    Annankvar haust.
    Litteraturliste

    Engelskspråklege artiklar og utdrag frå særleg innverknadsrike og/eller representative arbeid innanfor moderne japanske historie publisert rundt dei siste 30 åra.

    Korte primærkjeldetekster på japansk for omsetjing og analyse vald frå ei liste fastsett av faglærar, eller vald av studenten i samråd med faglærar.

    Litteraturlista vil være klar innan 01.06 for haustsemesteret.¿

    Emneevaluering
    Emneevalueringar blir gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ikkje aktuelt
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Emneansvarleg
    Programstyret for japansk¿
    Administrativt ansvarleg
    Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.