Journalistiske former

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å 1) gi ei grunnleggande forståing av ein av dei sentrale journalistiske stoffkategoriane, eller formene, med undersjangrar. Dette kan vera kulturjournalistikk, sportsjournalistikk, politisk journalistikk. Emnet vil utforska undersjangrar, den aktuelle journalistiske forma si plass i journalistikken og i offentlegheita. Vidare skal emnet gi 2) praktiske dugleikar i utforminga av journalistiske tekstar innanfor den aktuelle forma.

Kurset er delt i to modular:

I modul 1 blir studentane introdusert for ulike perspektiv på den journalistiske forma. Sentralt står særlege kjenneteikn som journalistikk, sjangrar og undersjangrar, historisk utvikling med vekt på norske og nordiske forhold. Forhold til media sitt samfunnsoppdrag vil også vera viktig i denne modulen.

I modul 2 vil studentane arbeida med produksjon av eigne tekstar innanfor den aktuelle journalistiske forma. Arbeidet vil gå føre seg individuelt og i grupper, og vil vera organisert som ein serie arbeidsseminar med vekt på presentasjon og diskusjon av tekstutkast. I seminara vil det vera gjestar frå praksisfeltet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsbytte:

Kunnskapar:

Studenten

  • har kunnskap om ein av dei mest sentrale journalistiske formene sine sjangrar, historie og samfunnsmessige rolle
  • har god kjennskap til nyare norsk og nordisk forsking på området

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan laga journalistiske produkt innanfor den aktuelle journalistiske forma.
  • kan drøfta og analysera metodiske etiske utfordringar innanfor ei sentral journalistisk form

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan arbeide selvstendig og i team med produksjon innanfor ei sentral journalistisk form
  • kan drøfte metodiske og etiske spørsmål med relevans for forholdet mellom journalistikk og kultur, politikk og/eller andre relevant felt

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor, 200-nivå

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen
Krav til forkunnskapar
60 studiepoeng
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på UiB.

Emnet har 25 studieplassar og opptak skjer etter søknad i StudentWeb.

Inntil 20 plassar er reserverte for studentar på høvesvis bachelorprogrammet i journalistikk og bachelorprogrammet i medier og kommunikasjon.

Ved fleire søkarar enn plassar vert søknadane rangert etter tidspunkt for søknad.

Søknadsfrist er mandag i veke 2 (via oppmelding i Studentweb).

Du får svar på om du har fått plass på emnet seinast torsdag samme uke som fristen.

Arbeids- og undervisningsformer
Arbeidsseminar, førelesningar, gruppearbeid
Obligatorisk undervisningsaktivitet

To journalistiske arbeid med medfølgjande refleksjonsnotat (eigenevaluering).

Dei obligatoriske tekstane må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjende obligatoriske undervisingsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

Heimeeksamen over 3 dagar

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitenskap
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.