Miljørett

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Klima-, natur- og forureiningskrisa er bakgrunn for mange av dei problemstillingane som vert drøfta i faget miljørett. Korleis vi som samfunn påverkar og vert påverka av miljøet og korleis rettsreglar verkar inn i dette samspelet, er tema for miljøretten. Rettsreglar om organisering,styring og løysing av miljøspørsmål kan skrive seg frå ei rad ulike rettsdisiplinar, som internasjonal rett, EMK, EU/EØS, statsrett og forvaltningsrett, og kan gjelde uavhengig av skiljet mellom privatrett og offentleg rett. Drøftingar av miljørettslege spørsmål skjer i lys av stadige endringar i kunnskap om årsakssamanhengar mellom natur- og menneskeskapte påverknader på økosystem, teknologiutvikling, og stadige endringar i politikk, regulering og tolking av retten. Målet med faget miljørett er å kunne identifisere miljøproblem og drøfte løysinga av slike problem ut frå ulike rettslege tilnærmingar. Faget byggjer på fagleg og metodisk innsikt frå ei rad tidlegare emner i studiet, som tingsrett, forvaltningsrett og internasjonal, regional (EU/EØS-)rett og grunnlovsvern.

Undervisninga er fellesførelesningar, storgrupper og ekskursjonar, med supplerande video- og anna undervisningsmateriale på Mitt UIB. Førelesingane vert halde av emneansvarlege og andre med inngåande kompetanse i miljørett. Storgruppene vert leia av tilsette med særleg kompetanse på eit eller fleire miljørettslege emne.

Studentane vel sjølv eit miljøtema for fordjuping, og ekskursjonane vert søkt lagt til stader og verksemder med relevans for desse.

Emneansvarlege skal for kvart kurs, etter ei samla vurdering av kva som eigner seg for storgrupper og tilgjengelege lærarressursar, gi råd om temaval, men også godkjenne temaval og litteratur. Stundetane kan også gå saman med ein eller fleire ved val av tema og litteratur. Ved val av tema skal studenten anten sette fokus på/forfølgje eit styringsystem, eller ei særleg miljøutfordring på tvers av styringssystem. Som døme på det første kan vere planlegging og arealbruk, forbod mot ureining eller system for tildeling av konsesjon (som karbonlagring, mineralutvinning, aktivitet knytt til havvind, akvakultur, hydrogen, jordbruk eller byutvikling), og som døme på miljøutfordring kan vere skade på naturmangfald, klima, eller t.d. plast i havet.. Det sjølvvalte temaet skal studerast ved hjelp av felleslitteraturen i emnet og litteratur for fordjupning, og studentane skal kunne reflektere over eigne val av litteratur.

Eit obligatorisk krav i kurset er at studentane skal lage ein presentasjon av det sjølvvalde temaet for fordjuping, og halde denne i førelesningane i andre halvdel av kurset. Eit krav til presentasjonen er at dei rettslege problemstillingane som drøftast relaterer seg både til kurset sin allmenne del (tema for førelesingar) og kurset sin spesielle del (arbeidet på storgruppene). Målet er læring i djupne og breidde for den/dei einskilde studentane, men også at alle studentane i gruppa skal få større innsikt i korleis allmenne problem spelar seg ut innanfor ulike tema, og lære av kvarandre.

Sjå òg denne videoen om emnet: Miljørett

Læringsutbyte

Kunnskaper

Studenten kan forklare den historiske framveksten av miljøretten i rettsstaten, og samspelet mellom internasjonale, nasjonale, regionale og lokale normer (fleirnivåstyring), og korleis verdiar og normer på ulike nivå og sektorar blir gjennomført gjennom planar, einskildvedtak og konsesjonsordningar Studentane kan gjere greie for Grunnlova §§ 112 og 105, sentrale miljørettslege prinsipp og korleis eigedomsretten, posisjonar og elles frie handlingar, må avgrensast av omsyn til klima, natur eller andre miljømål. Verkemiddelbruken kan vere samansett og variere frå ulike typar areal og ressursar og frå land og kystsone til ope hav. Ofte er det trong for både eigedomsrett og konsesjon for å få tilgang til ein ressurs, og ulike system for medverknad, avgjerdslekompetanse, tilsyn, kontroll eller høve til rettsleg overprøving. Rettsreglar som har mål om vern av areal- eller ressursar kan også vere samansette. Studentane skal forstå korleis verkemiddel einskildvis og saman er viktige for å nå fastsette berekraftsmål, og korleis rettsreglar set rammer for, men også initiativ til, ny aktivitet og næringar einskildvis og samla, slik at desse måla kan nåast.Studenten kan identifisere miljøspørsmål med tilhøyrane offentlegrettslege og privatrettslege reglar, og særleg kunne analysere:

1) Prosessuelle kompetansespørsmål, om korleis sakshandsaming fram mot styringavgjerder skjer, som krav til kunnskapsbaserte forvaltningsprosessar, økosystembasert forvaltning, samordning og planlegging gjennom fleire nivå. Dei overordna prinsippa for forvaltningsprosessar skal kunne skildrast, og ein kan tolke og analysere allmenne prosesskrav nytta på konkrete sektorar, og tolke særlege prosesskrav etter sektorlover. Ein skal kunne gjere greie for samspelet mellom overordna planlegging og detaljplanlegging og med det også kunnskapsinnhenting på ulike nivå.

2) Materielle kompetansespørsmål, legalitetsprinsippet på miljøretten sitt område, om kva innhaldet i styringa kan gå ut på, som operasjonalisering av berekraftsmål gjennom grunnlovsvern og miljørettslege prinsipp, og styring gjennom forvaltningsrettslege og privatrettslege kompetansereglar. Dei overordna berekraftsmåla skal kunne beskrivast, og ein kan tolke mål innanfor ulike sektorlover og forskrifter, også i lys av berekraftsmåla. Ein skal kunne identifisere kva for vedtak som har ei politisk forankring og kva for vedtak som er basert på faglege avvegingar, eller meir standardiserte tilnærmingar.

3) Personelle kompetansespørsmål og samordning på tvers av forvaltingsnivå, sektorar og forvaltingsorgan. Det gjeld kven som bestemmer kva, og kva som er styrande for dei vala som lovgivar har gjort ved tildeling av kompetanse, og system for samordning på tvers av sektorar og forvaltingsorgan for å sikre heilskapleg tilnærming. Ein skal kunne forklare betydninga av personelle kompetansespørsmål for både innhaldet i den materielle kompetanse, men også prosess. Kva organ som i praksis har det avgjerande ordet ved tildeling av forvaltningsvedtak skal kunne forklarast i lys av fleirnivåstyring og sektororganisering.

4) Klageordningar og domstolskontroll i miljøsaker, om kven som har rett til å klage og til å ta ut søksmål i saker som gjeld omsynet til miljøet, og på den andre sida særlege spørsmål som kan melde seg i høve til aktørar, som grunneigarar og næringsaktørar, som har t.d. av omsyn til miljømål har fått avslag på søknad om løyve, innskrenka rettar eller omgjering av tidlegare etablerte posisjonar. Ein skal kunne gjere greie for forvaltninga og domstolen si rolle for å sikre balansen mellom omsynet til berekraftig utvikling og rettstryggleiken for borgarar og aktørar.

Ferdigheter

Studenten kan bruke juridisk metode og lovfeste og ulovfeste reglar i miljøretten for å lage sjølvstendige drøftingar knytt til almenne tema, og knytt til eit sjølvvalt tema for fordkuping. Dette inneber:å innhente og systematisere rettsleg relevant materiale, og på grunnlag av dette identifisere problemstillingar og samanhengarå foreta ei sjølvstendig analyse av miljørettslege problemstillingar på grunnlag av eit samansett rettskjeldebileteå resonnere seg fram til eit fagleg forsvarleg standpunkt gjennom avklaringar av underliggande rettslege og samsfunnsmessige verdiar, og spenningar mellom ulike type gyldige argumentå kunne gå særleg i djubden på analysen og framstillinga innanfor eit sjølvvalt tema og sjølvvalt litteratur

Å kunne, på eigahand eller i samarbeid med andre, gå i djubden på eit miljøtema, utvikle problemstillingar og analyser av temaet i lys av allmenn miljørett og sjølvvalt litteratur om temaet, frammføre muntlig eigne analyser til medstudentar.

Generell kompetanse

Gjennom emnet oppnår studenten generelt kompetanse til å:tileigne seg ny kunnskap på fagfeltet og i tilgrensande fagsystematisere og vege argumentasjon, formidle juridiske analyser og konklusjon, gi råd og treffe validentifisere og ta konsekvensar av etiske aspekt ved juridisk argumentasjon og standpunktpresentere og argumentere for eigne vurderingar og konklusjonar for større og mindre grupperarbeide sjølvstendig og i grupperKunne reflektere over tilgjengeleg litteratur og val av kjelder for analyse og framstilling av dette emnet.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen
Krav til forkunnskapar
Det kreves at alle emnene i tidligere studieår er bestått, se «Rekkefølgje for emne i studiet» i Studieplan for integrert masterprogram i rettsvitenskap ved Det juridiske fakultet i Bergen. Se likevel § 2-5 i Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon

Ingen overlapp med emner ved Det juridiske fakultet

Dette emnet er godt eigna i kombinasjon med JUS2310/JUS3510 Energy Law: Hydrocarbons, Renewables andEnergy Markets, JUS2311/JUS3511 International Climate Law, JUS2316/JUS3516 Law of the Sea and its Uses, JUS265-2-A Planrett og/eller JUS253-2-A Kommunalrett.»

Krav til studierett
MAJUR
Arbeids- og undervisningsformer
Felles førelesningar for kullet. Storgruppeundervisning. Ekskursjonar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Storgrupper og ekskursjonar.

Obligatorisk framføring, åleine eller i gruppe, av tema for fordjupning i plenumsførelesing.

Vurderingsformer
Skuleeksamen, 6 timar.
Karakterskala
A-E for bestått, F for ikke bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Hovedlitteratur («kjernelitteratur»), eventuell innføringslitteratur og/eller tilleggslitteratur publiseres i Leganto 1. juli for høstsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
I henhold til retningslinjer for evaluering av emner ved Det juridiske fakultet.
Hjelpemiddel til eksamen
Standard hjelpemidler på eksamen er beskrevet i fakultetets utfyllende regler § 3-5 a. I dette emnet er det ingen ekstra hjelpemidler.
Programansvarleg
Studieutvalget ved det juridiske fakultet.
Emneansvarleg
Professor Ingunn Elise Myklebust og professor Sigrid Eskeland Schütz
Administrativt ansvarleg
Studieseksjonen ved Det juridiske fakultet