Kultur, historie og samfunn i Kina

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Studiet gir basiskunnskapar i kinesisk sivilisasjonshistorie, med særleg vekt på kultur, historie og samfunn.

Læringsutbyte

Etter fullført emne:

Kunnskap

Kandidaten
- kjenner hovudtrekka i kinesisk sivilisasjonsutvikling, og har kunnskapar om dei viktigaste milepælane i dynastiets historie.
- har ei multidimensjonal forståing av det kinesiske samfunnet si moderne historie, gjennom tema som utdanningsutvikling, religion, folkegrupper og politisk system.

Dugleik

Kandidaten
- kan snakke om og presentere tema knytte til kinesisk kultur, historie og samfunn.

Generell kompetanse

Kandidaten
- har innsikt i det moderne Kina og det kinesiske folk frå eit historisk og kulturelt perspektiv.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for KIN100 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert ASIA100.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisinga vil bli gitt i form av førelesingar og seminar, 2 timar i veka i 12 veker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk oppmøte til minst 75 prosent av undervisninga. For å få gå opp til eksamen, må studenten halde ein kort presentasjon om eit Kina-relatert tema. Presentasjonen er eit gruppeprosjekt.
Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer

3 timar skriftleg eksamen.

Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Eksamen vert arrangert i undervisningssemesteret og i det påfølgjande semesteret for dei som har godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet.
Litteraturliste
Pensum inneheld, forutan forelesingsnotatar, eit kompendium på om lag 500 sider. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.