Utvalt emne i kinesisk anvendt lingvistikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Kurset tek føre seg utvalde tematikkar innanfor det breie feltet anvendt lingvistikk, med mål om å gje studentane ein solid forståing av sentrale problemstillingar, fremje kritisk og reflekterande tenkjing i språkrelaterte kvardagsproblematikkar og utvikle studentane sin ekspertise i å nytte analytiske perspektiv til å løyse kinesiskspråklege utfordringar. Studentane vil lære å samle, evaluere og nytte relevant informasjon, teori og metodologi for å kunne handtere ulike oppgåver og problemstillingar innan feltet anvendt lingvistikk.

Dette er eit spesialisert kurs, som gjev studentane naudsynte analytiske verktøy og evne til refleksjon og kritisk tenkjing naudsynt for å handtere praktiske problemstillingar knytt til kinesisk som språk.Tematikkane som inngår i kurset inkluderer andrespråks-pedagogikk, språktileigning og vurdering, men òg andre tematikkar slik som diskurs- og tekstanalyse, psykolingvistikk og sosiolingvistikk. Innhaldet i kurset kan variere frå semester til semester.

Læringsutbyte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

- har utvikla sine generelle kunnskapar om fagfeltet

- har tileigna seg spesialisert kunnskap om tematikkane som inngår i kurset

- har gjort seg kjent med nyare forsking innanfor det feltet som kurset omhandlar

Ferdigheiter

Studenten

- vil vere i stand til å nytte analytisk og reflekterande tenkjing til å analytisk drøfte tema knytt til undervisning og læring av kinesisk, der både kritiske og teoretiske perspektiv inngår

- vil vere i stand til å organisere diskusjonar i grupper om eit akademisk tema innanfor eit spesifikt teoretisk rammeverk

Generell kompetanse

Studenten

- vil vere i stand til å forstå og analysere spesifikke problemstillingar som kan oppstå i ein språkleg undervisningssituasjon, på ein arbeidsplass eller innan andre relevante domene

- vil ha vidare utvikla si evne til å formulere og uttrykke akademiske idear, både skriftleg og munnleg

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad med spesialisering i kinesisk språk, sinologi eller tilsvarande. Det er naudsynt med språklege ferdigheiter i kinesisk for å forstå kinesiskspråkleg materiale som datagrunnlag for analyse .
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i kinesiske studium ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Dei primære undervisningsmetodane er førelesingar og seminar (og sporadiske gjesteførelesingar): til saman 24 timar fordelt over 12 veker. Dei viktigaste læringsaktivitetane kan innehalde deltaking i diskusjonsgrupper, studentleidde diskusjonar, gruppeoppgåver, medstudent-vurderingar, munnlege presentasjonar og så bortetter.

Kurset er hovudsakleg undervist på engelsk, med betydelege analytiske døme og tekstar på kinesisk. I førelesingane vil utvalde tema innan anvendt lingvistikk verte gått gjennom. Dei viktigaste undervisningsaktivitetane vil vere gjennomgang av litteratur, nøkkelkonsept og teoretiske perspektiv innan feltet og fag- og idéhistorisk utvikling og kunnskapsbase. Det vil verte lagt til rette for dialogar med studentane om korleis tematikkane i emnet er relevant for konkrete problemstillingar i arbeidsliv og samfunnsliv. Førelesingane vil i hovudsak verte gjevne fysisk. Det kan verte skipa til gjesteførelesingar på utvalde tema, og desse vil kunne verte halde digitalt med Zoom (eller liknande digitale løysingar) som hovudplattform.

Som del av læringsprosessen må studentane, i tillegg til å delta på førelesingane, også delta i gruppediskusjonar, leie gruppediskusjonar, samarbeide om datainnsamling og analyse, halde framføringar, gje medstudent-vurderingar på oppgåver og gjere skriveøvingar. Særleg i seminara er det venta at studentane aktivt arbeider i grupper med ulike case-oppgåver og i somme tematikkar, heldt student-leidde diskusjonsgrupper.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må delta i minst 75% av undervisninga og få godkjent to obligatoriske skriftlege oppgåver for å kunne gå opp til avsluttande eksamen i emnet.

Obligatoriske oppgåver er gyldig i eitt semester etter undervisningssemesteret, og alle obligatoriske oppgåver må vere ferdigstilt same semesteret.

Vurderingsformer

Vurdering i kurset skjer gjennom ein sju-dagars heimeeksamen på tematikkar som vert gjevne av kurshaldar. Studentane må svare på spørsmål eller analysere autentiske tekstar, og nytte relevant kunnskap og/eller analytiske metodar.

Innleveringa skal vere på om lag 4000 ord til saman (+/-10%), (ikkje medrekna litteraturliste/bibliografi bibliografi).

Studentane har ikkje rett til å samarbeide eller til å stille faglege spørsmål til kurshaldar etter at eksamenen har byrja. Eksamenen reknast som byrja når eksamensoppgåvene vert gjort tilgjengelege til kandidatane.

Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Litteraturlista består av tekstbøker innan anvendt lingvistikk. I tillegg blir studentane oppmoda om å lese tilrådd litteratur.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle hjelpemidler er tillatne ved eksamen.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for kinesisk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.