Utvalde emne i mangeelektronteori

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet vil variere frå gong til gong. Aktuelle emne innanfor kvantekjemiske metodar for skildring av mange-elektron system blir tatt opp.

Læringsutbyte

Etter fullført kurs skal studenten kunne: 
  • Forklare og meistre hovedteknikkane innan temaet.
  • Bruke metodar innan temaet som forskingsreiskap i eit master- eller ph.d.-studium.

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Master og Ph.D.

Undervisningssemester

Uregelmessig

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Anten KJEM221 eller PHYS201.
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
KJEM321: 5 stp
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev. opptakskrav.
Arbeids- og undervisningsformer
Kollokvium/ 2 timar per veke i 15 veker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det kan bli gitt oppgåver som inngår i totalvurderinga.

Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten blir godkjent samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer
Munnleg eksamen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester.
Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

Emneansvarleg
Kjemisk institutt
Administrativt ansvarleg
Kjemisk institutt
Institutt
Kjemisk institutt