Utvalde emne i NMR-spektroskopi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet vil variere litt frå gong til gong, men vil kvar gong ha hovudvekt på ei innføring i teorien for moderne puls NMR-spektroskopi i væsker, og først og fremst produktoperatorteori for førsteordens spinnsystem i ein- og to-dimensjonale homo- og heteronukleære pulseksperiment. Pulssekvensdiagram, fasesykling, gradientseleksjon og koherensoverføringsvegar vert gjennomgåtte. Produktoperatorteorien gjer det mogleg å analysera og forklara ei rekkje viktige pulseksperiment som ein ikkje kan med den enkle vektormodellen frå KJEM351. For dei pulssekvensane som krev det, tek kurset også med ei grundigare handsaming av nokre utvalde tema. Høvelege simuleringsprogram blir brukte til å illustrera dei teoretiske prinsippa og for å gjera det mogleg å bruka produktoperatorar i praksis.

Studienivå (studiesyklus)

Master og ph.d.

Undervisningssemester

Uregelmessig

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
KJEM351 eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
KJEM221, MAT102, MAT121 eller tilsvarande. KJEM220 er også nyttig.
Studiepoengsreduksjon
KJEM306: 10 stp.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev. opptakskrav.
Arbeids- og undervisningsformer
Kollokvium/ 2 timar pr veke i 15 veker
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A - F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester.
Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringsystem.

Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

Institutt
Kjemisk institutt