Læringsprosessar

Årsstudium

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal øva studentane i å reflektera over undervisning i skulen ut frå pedagogisk og fagdidaktisk perspektiv. Studentane skal i hovudsak følgje undervisning i det dei har som fag1 i 5LU. Dei skal delta i planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning. Vidare skal dei sjølve planleggje og gjennomføre minst ein læringsaktivitet med ein klasse eller ei gruppe elevar. Studentane skal også utdjupe observasjonsferdigheitene sine og få øving i intervju som metode.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan:

  • har kunnskap om displinfaglæraren sine ulike roller og arbeidsoppgåver
  • har kunnskap om undervisning og læring og kan sjå dette i lys av praksis, og pedagogisk og fagdidaktisk teori.

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • kan planleggje og gjennomføre korte læringsaktivitetar med elevar.
  • kan ha faglege samtalar om fag og pedagogikk med elevar og lærerar.
  • kan nytte observasjon og intervju som metode i ulike settingar i skulen for bruk i eige utviklingsarbeid

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • kan reflektere over undervisningsmessige utfordringar i lys av praktiske døme.
  • kan delta i skulesamfunnet og kommunisere med elevar og lærar.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Praksisskular og UiB
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Ein må ha studierett på eit av UiB sine lektorutdanningsprogram.
Arbeids- og undervisningsformer
  • Praksis vert gjennomført både på campus og ved ein praksisskule.
  • MN-studentar: Totalt 7 praksisdagar. I skulen: 5 dagar, forarbeid: 1 dag, etterarbeid: 1 dag
  • HF-studentar: Totalt 8 dagar. I skulen: 5 dagar, forarbeid: 1 dag, etterarbeid: 1 dag, refleksjonsoppgåve: 1 dag
  • SV-studentar: Totalt 8 dagar. I skulen: 5 dagar, forarbeid: 1 dag, etterarbeid: 1 dag, refleksjonsoppgåve: 1 dag
  • Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • 100 % oppmøte i praksis inkludert for- og etterarbeid.
  • Gjennomføre og planleggje minst éin læringsaktivitet
  • Gjennomføre eit intervju med ein elev/lærar.
  • Loggføring for alle praksisdagar.
  • Obligatoriske arbeidskrav i KOPRA102 er berre gyldige i eit semester.
  • Vurderingsformer

    Praksis

    Vurdering av deltaking og gjennomføring av minst ein læringsaktivitet i praksis vert gjort av rettleiar i skulen.

    Vurdering av studenten sin faglege refleksjon over erfaringar frå praksis vert gjort av fagdidaktikarar og pedagogar ved UiB.

    Karakteren vert fastsett på grunnlag av ei samla vurdering av punkta over.

    Karakterskala
    Greidd/ikkje greidd
    Vurderingssemester
    Haust
    Litteraturliste
    .
    Emneevaluering
    Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
    Hjelpemiddel til eksamen
    .
    Programansvarleg

    Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

    Det humanistiske fakultet

    Det samfunnsvitskapelege fakultet

    Administrativt ansvarleg
    Lektorsenteret