Kunst og kultur i mellomalder, renessanse og barokk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal formidle forståing for kunst, arkitektur og visuell kultur frå mellomalderen (ca. 1000) til opplysningstida (ca. 1750), sett i ein brei kulturhistorisk og sosial kontekst. Emnet vil problematisere historiske periode- og stilomgrep, og sjå på ulike historiske forståingar og teoriar om kunst. Vi vil drøfte konkrete verk ut frå historiske, kulturelle, religiøse og tekniske perspektiv. Visuelle teknologiar vil stå sentralt med tanke på framveksten av nye biletformer og synskulturar i tidleg nytid. Tematiske tyngdepunkt kan variere frå semester til semester.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • kjenner til sentrale trekk innan biletkunst, arkitektur og visuell kultur frå mellomalderen til og med 1750
  • har grunnleggjande forståing av samspelet mellom kunst og religion i mellomalderen, og av korleis vitskap og optiske teknologiar og teoriar tek ein sentral plass innan kunsten frå og med renessansen
  • har basiskunnskap om utviklinga av kunsthistoria som disiplin

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan nytte kunsthistorisk metode til å analysere og reflektere over spørsmål kring kunst og visuell kultur frå mellomalderen til og med 1750
  • kan reflektere over kunstverk frå perioden som leier fram ei rimeleg datering av verka
  • kan nytte ei vitskapeleg tilnærming i drøftingar om visuell kultur frå mellomalder til og med 1750
  • kan formidle kunnskapen sin munnleg og skriftleg for eit generelt publikum, på ein akademisk måte
  • kan nytte verktøy for analyse av bilete og arkitektur og kjenne att romkonstruksjonar i bilete med utgangspunkt i ulike visuelle teknologiar
  • kan utføre ikonografisk analyse av sentrale verk

Generell kompetanse

Studenten

  • er i stand til å nytte fagområdet sine uttrykksformer i sjølvstendig arbeid med sentrale faglege problemstillingar
  • kan formidle sentralt fagleg stoff om kunsthistoria frå mellomalderen til og med 1750 både skriftleg og munnleg
  • kan utveksle eigne synspunkt og erfaringar med dei som har lik eller liknande fagleg plattform i høgare utdanning
  • kan tenkje kritisk-analytisk om faglege spørsmål

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Studiepoengsreduksjon
Det er full overlapping mellom KUN107 og KUN135 og delvis overlapping mellom KUN107 og KUN132. Studentar som kombinerer KUN107 med KUN135 får inga utteljing i nye studiepoeng. Studentar som kombinerer KUN107 med KUN132 får ikkje meir enn 10 studiepoeng utteljing.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt som førelesingar og som seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å levere ei kortare oppgåve midtvegs i semesteret. Denne må vere greidd for at ein skal kunne gå opp til eksamen.
Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

Munnleg eksamen.

Munnleg eksamen er på 30 minutt.

Ein del av eksamen er forberedt. 48 timar før eksamen får studenten tildelt ei oppgåve.

Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Haust. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ved forberedt del er det tillatt å ha med notat på papirark.
Programansvarleg
Programstyret for kunsthistorie.
Emneansvarleg
Fagmiljøet i kunsthistorie.
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.