Mennesket i kulturen og kulturen i mennesket. Kulturvitskapelege syn på verda

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Sentralt i emnet står forståinga av kulturelle fenomen som menneskeskapte, og forståinga av korleis kultur blir skapt, reprodusert og endra. Særleg vil emnet vise korleis kulturelle posisjonar, forståingar og moglegheiter må sjåast i samanheng med tid, stad, sosial klasse, kjønn, seksualitet, etnisitet og kropp. Emnet legg vekt på å vise korleis moderniseringsprosessar i samfunnet har endra både kultur og sjøvforståingar, og om korleis andre kulturar alltid har påverka norsk kultur. Emnet vil også gje studentane innblikk i korleis ein har nærma seg studiet av kultur på ulike måtar opp gjennom faghistoria, kva som var bakgrunnen for etableringa av faget og kva som er hovudtrendane i dag. Studentane vil lære at forteljing og materialitet er to sentrale tilnærmingar i faget.

Gjennom emnet vil studentane også lære om kvifor vi nyttar dei metodane vi gjer innan kulturvitskapen, og korleis metodane er en integrert del av faget si utvikling, fageige fokus og tilnærming til verda.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kjenner til sentrale teoriar og debatter omkring kulturelle prosessar og kulturell endring.
  • kjenner til sentrale element av faghistoria, og til metodebruk innan kulturvitskapen.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte pensum til å drøfte kompleksiteten i ulike kulturelle prosessar og analysere ulike kulturvitskapelige problemstillingar.
  • kan gjere greie for faghistoria og for ulike metodar som kan nyttast i kulturvitskaplege undersøkingar.
  • kan reflektere rundt praktiske og etiske problemstillingar knytt til metodane observasjon og intervju.

Generell kompetanse

Studenten

  • forstår både overordna problemstillingar i pensum og har kompetanse til å skaffe seg detaljkunnskap om ulike emne.
  • kan reflektere om feltarbeid og ulike forskingsfelt.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studentane må kunne lese pensum på skandinaviske språk og engelsk, i tillegg til norsk.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga består av forelesingar og gruppeoppgåver. Undervisninga går føre seg i første del av semesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å delta på gruppeoppgåvene.

Obligatoriske undervisingsaktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisingssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Heimeeksamen på 5 dagar. Oppgåva skal vere på om lag 3000 ord. I tillegg er det ein justerande munnleg eksamen (maksimalt justering er éin karakter)

Alle obligatoriske arbeidskrav må vera oppfylte for at studenten skal kunna møta til eksamen.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår/haust
Litteraturliste

Pensumlista er på om lag 1200-1500 sider.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emnet vert evaluert jamnleg.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Emneansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.