Forskingsfelt og prosjektutvikling

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med emnet er å utforme ei prosjektskildring for den individuelle masteroppgåva. Studenten skal velje tema for oppgåva i samråd med rettleiar, setje seg inn i relevant forsking på området som vert valt, avgrense eiga undersøking og formulere ei fagleg relevant problemstilling. Gjennom seminar og individuell rettleiing skal studenten arbeide med å finne fram til kjeldemateriale og gjere forskingsetiske vurderingar om bruken av det. Prosjektskildringa skal også omfatte val av metodiske og teoretiske perspektiv som skal brukast i masteroppgåva.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • kan setje seg inn i eit forskingsfelt.
  • kan gjennomføre litteratursøk knytt til eit avgrensa fagleg felt eller ein tematikk.
  • kan formulere og avgrense ei kulturvitskapleg problemstilling

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan vurdere kritisk kva slags kjeldemateriale som er føremålstenlege for å svare på bestemte kulturvitskaplege problemstillingar.
  • kan utforme og planlegge eit kulturvitskapleg forskingsprosjekt.

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan arbeide systematisk med kjelder og litteratur som ledd i skriving av fagtekstar.
  • kan gjere forskingsetiske vurderingar i samband med planlegginga av eit forskingsprosjekt.
  • kan utarbeide ei prosjektskildring.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Spesialisering i kulturvitskap
Tilrådde forkunnskapar
Studentane må kunne lese pensum på skandinaviske språk og engelsk, i tillegg til norsk.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Opptak til masterprogrammet i kulturvitskap
Arbeids- og undervisningsformer
Seminar, samt individuell rettleiing og rettleiing i gruppe.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studenten skal skrive ei oppgåve på 1500 ord som skildrar forskingsfeltet som masterprosjektet er knytt til.
Vurderingsformer
Eksamensoppgåva er ei prosjektskildring på om lag 3000 ord.
Karakterskala
Greidd / ikkje greidd.
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
Pensumitteraturen skal setjast opp i samråd med emneansvarleg og skal vera på 1200 - 1500 sider.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Emneansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap