Mastergradsoppgåve i kulturvitskap

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Masteroppgåva er ei større sjølvstendig fagleg undersøking. I dette arbeidet fordjupar studenten seg i eit kulturvitskapleg problemfelt. Oppgåva er ei empirisk undersøking. I arbeidet med masteroppgåva blir studentane sine metodiske og forskingsetiske kunnskapane ferdigheitene frå KUVI306 prøvd ut i praksis ved at dei hentar inn og handterer eit omfattande empirisk materiale. Samtidig vil dei teoretiske kunnskapane og analytiske ferdigheitene frå KUVI301 vere eit grunnlaget å forme oppgåvas perspektiv. Arbeidet med masteroppgåva er ei fagleg modningsprosess og oppgåva skal vise sjølvstendighet i teoribruk, metodebruk og fagleg refleksjon.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

KunnskapStudenten:

  • er ekspert på eit kulturelt fenomen.
  • har innsikt i fagtradisjonar og aktuell kulturteori.
  • har inngåande teoretiske og metode kunnskapar.
  • har inngåande forskingsetiske kunnskapar.

FerdigheiterStudenten:

  • har evne til å innhente, systematisere og analysere eit stort empirisk materiale for å svare på ei problemstilling.
  • har evne til å lage sjølvstendige problemstillingar,
  • har evne til å gjere breie litteratursøk,
  • har evne til å plassere eiga arbeid inn i ei større fagleg kontekst.

Generell kompetanseStudenten:

  • har evne til å problematisere og reflektere om omgrep, teori, metode og forskingsetikk.
  • har kompetanse i skriftleg formidling av eiga fagleg arbeid og eigne funn.
  • har kompetanse i å disponere, strukturere og skrive ei stor akademisk tekst.

Studiepoeng, omfang

60 stp

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

UiB
Krav til forkunnskapar
For å levere mastergradsoppgåva må studenten ha avlagt og greidd kursdelen på masterstudiet, det vil seie eksamen i emna KUVI301, KUVI302, KUVI305, KUVI306 og AHKR300.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle som er tekne opp på masterprogrammet i kulturvitskap ved AHKR.
Arbeids- og undervisningsformer
Alle studentar som er tekne opp til mastergradsstudiet har rett og plikt til individuell rettleiing i arbeidet med oppgåva. Rettleiinga er regulert gjennom ei individuell rettleiingsavtale.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal ta del i masterseminar med framlegging og diskusjon av oppgåvetekstar. Det er obligatorisk med minst 70 prosent oppmøte over to semester.

Studenten skal óg ta i mot rettleiing kvart semester under arbeidet med masteroppgåva. Ein rettleiingskontrakt som gjer nærare greie for rettar og plikter, skal skrivast under av student, rettleiar og fagkoordinator.

Vurderingsformer
Masteroppgåve (70 - 110 sider) og ei munnleg prøve med utgangspunkt i oppgåva. Eventuelle intervjuutskrifter og mediemateriale skal leverast samtidig med masteroppgåva. Den munnlege prøva kan justera karakteren på oppgåva opp eller ned ein karakter. Ein må få ståkarakter på begge delane for å få ståkarakter i emnet.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Studentane vel sjølve ut relevante læremiddel i samråd med rettleiar.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap