Latinsk historieskriving med bacheloroppgåve

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet omfattar lesing av eit utval av tekstar frå latinske historikarar. Andre sjangrar relaterte til historie kan dragast inn. Det blir òg gitt ei innføring i overleveringshistorie og tekstkritikk.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har

  • større kjennskap til latinsk grammatikk og litteraturhistorie gjennom analyse av dei tekstane som blir lesne
  • tileigna seg utvida kunnskap om dei trekka som kjenneteiknar den litteraturen og kulturen studiet fokuserer på.

Ferdigheter

Kandidaten kan

  • utvikle, avgrense og formulere fruktbare problemstillingar innan temaet
  • kartlegge kva forskingslitteratur og eventuelt kjelder som er relevant for problemstillinga
  • analysere forskingslitteratur/kjelder, trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • setje seg inn i ein omfattande faglitteratur
  • formidle kunnskap derifrå
  • utvikle og gjennomføre eit lengre sjølvstendig skriftleg arbeid og argumentere for eigne konklusjonar derifrå

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga blir normalt gitt i vårsemesteret.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Minimum eitt av emna: LAT100, LAT102, LAT104, LAT105, LAT107.
Tilrådde forkunnskapar
Avlagt eksamen i minst 3 av latinemna på 100-nivå.
Studiepoengsreduksjon
LAT251 overlappar med LAT201 (15 stp)
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar over delar av pensumtekstane og andre moment i pensum.

26 timar (ein dobbelttime i veka).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk rettleiing knytt til bacheloroppgåva.

Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Ei bacheloroppgåve på om lag 15 sider under rettleiing og justerande munnleg eksamen. Bacheloroppgåva må ha blitt godkjend for at kandidaten skal kunne gå opp til munnleg eksamen. Endeleg sensur blir gitt etter munnleg eksamen. Det blir gitt ein samla karakter på oppgåva og den munnlege eksamenen.

Bacheloroppgåva kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Vår. For studentar med rett til ny vurdering vil det vere mogleg å ta ny eksamen i påfølgjande semester.
Litteraturliste
Pensum er til saman på omlag 100 sider latinsk prosatekst (30 liner = 1 side), minst 50 av desse lesne i kommenterte utgåver. Dessutan inngår oversiktlege framstellingar av overleveringshistorie og tekstkritikk, og av litteraturhistorie.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Programansvarleg
Programstyret for klassisk
Emneansvarleg
Fagmiljøet i klassiske fag
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium