Latin tekstpensum I

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål: Studiet vil gi studentane auka kjennskap til latinsk språk og litteratur

Innhald: Studenten les eit latinsk tekstpensum, anten innan eit spesifikt felt definert etter sjanger, tema, periode, dialekt eller stil, eller et utval tekster frå ulike felt med sikte på brei kompetanse. Ei tilrådd inndeling er å lese prosa på LAT301, medan ein les drama og poesi på LAT303. I tillegg les ein på begge emna sekundærlitteratur om dei aktuelle latinske tekstane.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Kandidaten har

- inngåande kjennskap til latinsk språk og grammatikk

- inngåande og detaljert kunnskap om valde latinske forfattarar og tekster.

- innblikk i forskinga på dei valde latinske forfattarane og tekstene

Ferdigheiter:

Kandidaten kan

- omsette dei valde tekstane utan hjelpemiddel

- relatere latinske tekster frå ulike sjangrar med kvarandre, den latinske litteraturhistoria og den breiare historiske bakgrunnen.

- tileigne seg hovudmomenta i innhaldet i ein ukjend latinsk tekst utan hjelpemiddel.

Generell kompetanse:

Kandidaten kan

-forstå og gjere greie for samanhengar av litterær, historisk, overleveringsmessig eller språkleg art.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår/haust etter behov.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Minst 90 studiepoeng i latin på bachelornivå (eller dokumentert tilsvarande kunnskapar).
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i latin ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir om råd er samordna med undervisninga på tilsvarande kurs på 200-nivå, elles i form av individuell rettleiing. Studentane skal også parallelt følgje dei metode- og oppgåveseminara som blir gitt ved fagmiljøet for å få metodisk og anna fagleg skolering som kan kome til nytte i tekststudiet.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer

Skriftleg skuleeksamen på 6 timar.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Vår og haust. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny, tidleg eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste

Pensum er på til saman omlag 200 sider latinsk prosatekst (30 linjer = 1 side), eller 4000 linjer latinsk vers, eller en vekta kombinasjon av vers og prosa; i tillegg skal ein velje eit utval sekundærlitteratur relatert til dei latinske tekstane. Tekster blir valt av studenten i samråd med rettleiar.

Tekster som har inngått i bachelorgraden kan ikkje leggjast opp på nytt.

Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ordbok. Ordboka skal vere frå latin til morsmål eller frå latin til anna valfritt språk og skal ikkje innehalde bøyingsmønster: Johanssen, Nygaard etc., Latinsk ordbok eller ordbok av tilsvarande storleik.
Programansvarleg
Programstyret for klassisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium